Varsla nedbør måndag og tysdag

Det er varsla store nedbørsmengder over Innlandet det neste døgnet. Vestre Slidre kommune ligg pr no i utkanten av området for dei største nedbørsmengdene.

Måndag og tysdag 9. og 10. september er det igjen meldt mykje nedbør i Innlandet. Pr no er tre gule farevarsler sendt ut for området vårt; for flom, mykje nedbør og flom- og jordskred.

Vestre Slidre kommune følger situasjonen tett. 

Vi oppfordrer grunneiere til å holde bekkeløp åpne, sjekke taknedløp og rister.

Statforvaltaren i Innlandet peiker på vi er i ein situasjon der grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken allereie er svært høg. Og at faren for jord- og flomskred i varslingsområdet vil auke i takt med nedbør utover ettermiddagen og natt til tirsdag. Kommunen sluttar seg til anbefalinga frå statsforvaltaren om å halde trygg avstand frå flomstore elver, bekker og bratte skråningar der det kan gå jordskred.