Velkomen til SUMARAKTIVITET med barne- og ungdomslos i Vestre Slidre kommune! - Vestre Slidre kommune

Velkomen til SUMARAKTIVITET med barne- og ungdomslos i Vestre Slidre kommune!

I år som i fjor ynskjer barne- og ungdomslos Berit velkomen til sumaraktivitet på skulen sitt 
område enkelte dagar i sumarferien.

Tilbodet er gratis og målet er å ha ein stad å samlast, møte vener, «henge» og vere saman i ein sumarferie som for nokre kan bli litt lang! 

Sumaraktivitetar med barne- og ungdomslos er for alle barn frå 1. - 7. klasse. 

Påmelding

For å kunne planleggje best mogleg m.h.t. aktivitet og leik må du melde på barnet ditt til meg på SMS eller e-post seinast måndagen i den veka de ønskjer å delta. Når de melder på barnet dykkar får eg også dykkar kontaktinformasjon som gjer at eg enklare kan dele relevant informasjon med dykk. 

 

KVAR: Vi møtast alltid utanfor hovudinngangen til skulen, og går samla til aktivitet. 

KVA: Aktivitet kan variere ut frå tal påmelde / ver o.l., men døme kan vere slåball, stikkball, fotball, sykling, måling,  gjemsel, leik i tarzan, vassballongkrig o.l.  

NÅR: Kl. 11:00 – 14:00

Veke 26: tysdag 23.06, onsdag 24.06 

Veke 27: tysdag 30.06, onsdag 01.07 

Veke 32: onsdag 05.08, torsdag 06.08

Veke 33: onsdag 12.08, torsdag 13.08 

Kontaktinfo

Berit Irene Langseth Bøen
Barne- og ungdomslos
E-post
Mobil 48 14 90 53