Velkommen til Slidremarknad 23. august

Vi ynskjer med dette å invitere deg til å ta med og vise fram kva enn du ynskjer å promotere, selje eller syne fram frå di bedrift eller som privatperson. 

Slidremarknaden vil bli arrangert i området rundt Slidretun, midt i Slidre sentrum. Same dag er det også Slidrefjorden-cup, sa det blir mange folk i området. 

Slidremarknaden skaI vise stort og smatt frå Vestre Slidre i form av ulike sals-, utstillings- og bruktboder. Vi ynskjer å hylle alle som driftar og driv i Vestre Slidre, og området rundt. Vi vil lage ei unik oppleving som skil seg ut frå andre marknadar her i Valdres, som difor ikkje skapar konkurranse, men eit nytteverdig og spennande tilskot til Vestre Slidre kommune og nærliggande kommunar rundt. 

For å kunne leve ut vår visjon treng vi dykkar hjelp! Har de produkt de vil selje, stille ut eller ei verksemd de vil vise fram på andre måtar? 

Meld dykk på! Vi har eit stort område, sa berre sei i frå om de treng ekstra stor plass, parkering eller ynskjer å ha baklukesalg. 

For å melde deg på trykker du her.

Alle som ynskjer å vise fram bedrifta si skal få moglegheita til det, og vi håper difor at om de ikkje har moglegheit til å møte opp heile dagen tek dykk turen innom deler av dagen. 

Slidremarknadsfest

Det blir også Slidremarknadsfest med både musikkbingo, og musikk frå både Johms og Stubbadn! Kvelden begynner kl. 18, og då opnar baren og musikkbingoen spelar i gong.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete