Vestre Slidre Husflidslag: 150 000 kr i støtte til Ung Husflid!

Tenk å kunne sy, spikke, strikke, brodere, male, ja være kreativ!

 

Ung Husflid er for alle mellom 6–26 år

 

Vestre Slidre Husflidslag har fått 150 000 kr frå Sparebankstiftelsen DNB for å jobbe å utvikle
eit tilbod til dei unge mellom 6–26 år. Prosjektet vil gå over 3 år. Vi har fokus på gjenbruk, redesign og ta vare på kulturarven vår. Kanskje du kan bøte den labben din, fikse den jakka eller bytte glidelås i yndlingsjakka di.
Då kan vi være behjelpelege med å vise deg korleis DU fikser det sjølv!

 

Vestre Slidre Husflidslag held til i Halvorsbølet ved gamle sjukeheimen. Der er det no tilrettelagt for fleire aktiviteter. Vi har: Nye symaskiner, nye stoler, hev og senk bord, høvelbenk m. m.


Vi ynskjer du skal få ei god oppleving saman med oss!

 

Som en start på prosjektet UNG HUSFLID 2023–26 er du hjarteleg velkomen til Kulturkaféen i Slidre 7. januar 2024.
Kl. 12–14. Ta gjerne med bestemor, tante, onkel osv.

 

Sjå meir informasjon på vår Facebookside

Få inspirasjon her


Julegåvetips i år er: eit medlemskap!

 

Venleg helsing


Vestre Slidre Husflidslag


Leder Inger Johanne Fjøsne

Sjukeheimsvegen 1

Tlf. 9777 95 92

v.slidrehusflid@gmail.com