Vestre Slidre kommune er nr 8 av Norges best styrte kommunar - Kommuneindeksen 2022

Både politisk og administrativ leiing i Vestre Slidre kommune er svært nøgde med rapport om korleis norske kommunar er styrt.

Agenda Kaupang har gjennomført ei analyse av korleis norske kommunar er styrt. Sist onsdag offentleggjorde dei ein rapport der analysa og resultatet av den er presentert.  Offentleggjeringa vart gjort i samband med Arendalsveka.

Rapporten heiter «Norges best styrte kommuner - Kommuneindeksen 2022». https://www.agendakaupang.no/2022/08/norges-best-styrte-kommuner-2022/

Agenda Kaupang tek utgangspunkt i tre overordna forhold:

  • Tenestekvalitet
  • Kostnadar
  • Finansar

Vestre Slidre kommune er stolte over å havne på 8.plass av alle landet sine kommunar i denne rapporten. På dei tre overordna forholda scorar Vestre Slidre særs godt på finansar samstundes med eit resultat litt i overkant av gjennomsnittet blant landets kommunar på tenestekvalitet og kostnadsnivå.

«Dette er ei god stadfesting på at vi har arbeida målretta og godt i fleire år», seier ordførar Haldor Ødegård.