På den fyrste skuledagen var det, tradisjonen tru, samling i gymsalen for alle elevar, tilsette og føresette til dei nye elevane. Varaordførar Gerd Nanti Vika Helle kom også med ei helsing til forsamlinga.
Markeringa heldt fram med kake til dei tilsette ved skulen.
Onsdag 19. august fekk alle elevane servert pølser som ein del av markeringa.
Det har vore ei hyggeleg markering av ti år med læring, fellesskap og gode opplevingar ved Vestre Slidre skule, seier rektor Janne Opheim.