Det var ein kamerat av Roger som førte Ivar og Roger saman i 2009. Dei to kameratane møtte kvarandre på landbruksskolen og starta etter kvart ein tankeprosess om korleis det kunne bli om Roger tok med seg laftefaget sitt til Valdres.
Turen gjekk til Lomen – til Ivar Ringestad, som fort fatta at denne unge karen hadde eit spesiellt og godt handelag med tømringa si. Faget han hadde lært seg ved Tinnoset i Telemark.
Roger starta Laftesmia og byrja å lafte hus, hytter og anneks til folk under eit lite tak ved gardssaga til Ivar. Det gjekk ikkje lenge før Ivar bygde ein stor laftehall slik at Roger kunne stå turt og godt inne med arbeidet sitt.
Det er ikkje uvanleg at dei to karane er å sjå i godt driv i saman i «Laftesmia» i Lomen. Når det skal kløyvast eller kappast ein stokk er Ivar på pletten for å ta det arbeidet, medan Roger laftar.
Ivar er og ein anerkjent sagmeister i bygda. Han har gjennom mange år laga skogvirke om til byggemateriale for mange, både i og utanfor Vestre Slidre.
Slik vil kommunen no heidre desse to kulturtradisjonane i eldre handverk, som er gjort om til solide næringsbedriftar i bygda.