Vestre Slidre kommune arbeider med ein ny næringsstrategi. Målet er å få eit betre grunnlag for korleis kommunen kan legge til rette for å starte, drive og utvikle næring i kommunen.
Derfor inviterer vi næringsdrivande, etablererar og andre som vurderar å starte verksomheit i Vestre Slidre til å svare på ei kort spørjeundersøking. Det gjeld både deg som bur fast i kommunen og deg som oppheld deg her deler av året.
Vi ynskjer mellom anna å vite meir om:
- Kva som fungerer godt i dag
- Kva for utfordringar næringslivet møter
- Planer og behov framover
- Behov for næringsareal, lokaler og infrastruktur
- Korleis kommunen kan være ein betre samarbeidspartner og tilretteleggjar
Svara vil bli brukt som ein del av kunnskapsgrunnlaget for den nye næringsstrategien. Vestre Slidre kommunestyre vedtok i mars 2026 å utarbeide ein ny næringsstrategi, og arbeidet skal bygge på eksisterande kunnskap og vidare dialog med næringslivet.
Undersøkinga tek berre noken få minutt å svare på.
Svar på spørjeundersøkinga her
Svarfrist: 14. oktober 2026
Takk for at du bidreg!