Vil du vere med og gje namn til den nye basishallen i Vestre Slidre? - Vestre Slidre kommune

Vil du vere med og gje namn til den nye basishallen i Vestre Slidre?

Vestre Slidre kommune er no i slutninga av bygginga av ny basishall, og no ønskjer vi innspel frå innbyggjarar og interesserte til kva hallen skal heite.

Basishallen skal bli ein viktig møteplass for idrett, aktivitet og fellesskap – og vi ønskjer at namnet speglar dette. Har du eit godt forslag til namn? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
 

Kva kan du sende inn?

  • Forslag til namn på basishallen
  • Gjerne ei kort grunngjeving for namneforslaget

 

Slik sender du inn forslag:

  • Trykk her for å sende inn forslag
  • Merk innsendinga med «Basishall»           
  • Frist for å sende inn namneforslag er 1. juni 2026.
  • Alle innspel vil bli samla og vurderte vidare i kommunen. 

 

Takk for at du bidreg til å forme ein ny og viktig arena i Vestre Slidre!
 

Fasadebilde basishall - Klikk for stort bilete Vestre Slidre kommune