Innsatsteam - Tverrfagleg team for barn og unge i Vestre Slidre kommune

Nokon barn og unge har det ikkje alltid så lett. Familiar kan av og til oppleva utfordringar i kvardagen. Kanskje treng dei litt ekstra oppfølging eller hjelp. Innsatsteamet er eit lågterskeltilbod som kan bidra i slike høve. Målet med innsatsteamet er å sikre tidleg og riktig tiltak for barn, unge og deira familiar. Målgruppa er familiar som ventar barn og/eller har barn og ungdom i alderen 0-18 år.

Innsatsteamet er eit tverrfagleg samansett team med faste deltakarar frå ulike fagområde, med ulik kunnskap og erfaring.

Henvisningsskjema finn du her. (PDF, 65 kB)

Innsatsteamet består av representant frå:

  • Kommunepsykolog
  • Helsestasjon/skulehelsetenesta
  • Helsestasjonslege
  • Psykisk helseteneste
  • Skule
  • Barnehage
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • Barneverntenesta
  • Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)
  • Ved behov kallast andre samarbeidsinstansar inn.

 

Karoline Sæther Huset (barneansvarleg i psykisk helseteneste) er leiar for Innsatsteamet.

Foreldre og barn over 16 år kan sjølv søke teamet om hjelp. Barnehage, skule og andre samarbeidsinstansar kan bistå med søknad. Innsatsteamet møtast kvar 4. måndag. Søknad skal leverast minst to veker før møtet. 

Søknadar skal sendast til: Innsatsteam ved Psykisk helseteneste, Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Saksgang: 

  • Søknad vert presentert i Innsatsteam.
  • Forslag på tiltak drøftast.
  • Koordinator og samarbeidande instansar vert valt.
  • Koordinator tek kontakt med familien for vidare oppfylging.