Vestre Slidre har mykje skog og fjell og gir god moglegheiter for den som søkjer gode naturopplevingar – i fred og ro i vasskanten, eller i utfordrande liv opp bratte fjellsider.
Vestre Slidre har hatt dei sterkaste tradisjonane i landet for å ta med dyra på stølen (setra) om summaren. Det har sett sitt heilt spesielle preg på landskapet, og gitt oss eit godt utbygd vegnett i fjellet.
Stolpejakt har dei siste åra vore eit populært tiltak for å gi konkrete, overkomelege og spanande turmål:
Turmål
Stolpejakten
Outtt – turmål i Valdres
Valdresrittet arrangeres hvert år, neste gang er 22.07.23. Valdresrittet er 53 km langt og går i variert terreng i et av landets mest aktive stølsområder. Naturen skifter mellom flate vidder til bratte fjell, omkranset av friske vann og klukkende bekker. Underlaget varierer mellom gode singletrackstier og grusveier med sugende motbakker og raske utforkjøringer - Et av norges mest eventyrlige sykkelritt. Midt i stølsriket. Kontaktperson: Frank Mo tlf. 99037522, epost: post@valdresrittet.com
Om vinteren er det eit omfattande løypenett som blir heldt oppe av Vasetløypene og vi har alpinbakke:
Vasetløypene
Vaset skiheiser
Scootermiljøet med Valdres snøscooterklubb stikk seg også ut, med at dei mellom anna har ein bane som har vorte valt ut som NM-bane fleire gonger dei siste åra.
Største arrangementet i Idrettslaget er Valdresrittet med om lag 800 deltakarar dei siste åra.
Her er gode moglegheiter for jakt og fiske. Stongfiske og småviltjakt er gratis for ungdom t.o.m. 20 år:
Vestre Slidre jeger og fiskeforening
Fiskekort
Fjellstyret har ei open bu ved fiskevatnet Matkista som står open til fri bruk:
Vestre Slidre fjellstyre
Bandtvang for hund
For å hjelpe alle innbyggjarar til å bruke naturen har vi laga BUA. Her kan alle innbyggjarar låne utstyr for å kome i gang med friluftsliv. Ønsker du å låne eller teste ut noko, finn du det meste i BUA Telttur, trugetur, felleski,randonee, snowboard, kano syklar, soveposer mm.:
BUA