Friluftsliv og idrett er ein viktig del av livet i Vestre Slidre. For å leggje til rette for alle innbyggjarar til å bruke naturen har vi mykje forskjellig utstyr til barn, unge og vaksne i vår BUA. Her kan alle låne utstyr for å kome seg ut på tur, eller om ein av andre grunnar ønsker å låne eller teste ut noko. Vi er tilknytt BUA-ordninga der ein kan finne oss og booke utstyr på bua.io
For å låne utstyr må du registrere deg som brukar på bua.no
Om BUA:
BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det lettare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auka forbruket. Stiftelsen BUAa formål er å bidra til inkludering og auka deltaking i helsefremmande aktivitetar for barn og unge, uavhengig av sosioøkonomisk status, gjennom å styrke og synleggjere nye og eksisterande utstyrsordningar for sport- og friluftsliv.
Du behøver ikkje vere innbyggjar i Vestre Slidre kommune for å låne hos oss – tilbode er for alle som har oppretta brukar på bua.no!
Følg oss gjerne i sosiale medier:
Facebook: facebook.com/BUAvestreslidre
Instagram: #buavestreslidre eller instagram.com/buavestreslidre