Prestgardshavnin bustadområde

Reguleringsplan for Prestgardshavnin bustadområde er vedteken. Det er ikkje klart for sal eller reservasjonar av tomter enno. 

Målet med planen er å legge til rette for eit bustadområde nær Slidre sentrum som skal dekke etterspurnaden etter bustader i lang tid. Planen skal stimulere til eit mangfald av butilbod. Planen skal ha ein grøn og klimavenleg profil og legge til rette for gode bumiljø, samstundes som den ikkje skal påleggje tiltak som er fordyrande på lang sikt.

Planen er å finne på arealplaner.no. Dei tre plandokumenta plankart (pdf), planføresegner og planomtale finn du der under "Plandokumenter". Plankartet og føresegnene er dei juridisk bindande dokumenta i planen. Planomtalen er saksdokumentet som skildrar planområdet og forklarar og vurderer grepa i planen. I planomtalen er også referat av innkomne merknader og vurderingar av konfliktene i planområdet. 

I arealplaner.no, ved å trykke i plankartet til høgre, får du opp større kart som du kan zoome i og klikke i for å få opp informasjon.

Kommunestyresaka der planen vart vedteken finn du her.  Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.

Plankart får du også opp i Origo/Kommunegis. Origo liknar i oppbygging og menyval på andre kart vi kjenner frå nettet, som td. norgeskart. Her finn ein det meste av kartdata via laglista (Åpne lagliste) i venstremenyen. Her kan du  skru av og på lag, du kan flytte lag opp og ned og du kan gjere lag gjennomsiktige.

Til grunn for planarbeidet vart det laga eit skisseprosjekt (PDF, 13 MB). Dette visualiserer korleis utbygginga kan framstå. Merk at dette er ei skisse, eit døme på noko som planen legg til rette for.

Det er ikkje klart for sal eller reservasjonar av tomter enno. Først må kommunen kjøpe arealet og få kjennskap til kostnadene ved infrastrukturen. Når dette er klart vil vi kunngjere dette! 

Artikkelliste