Korleis bruke arealdelen til kommuneplanen?

Denne artikkelen er ei brukarrettleiing av arealdelen til kommuneplanen.

Den juridisk bindande arealdelen består av plankart og føresegner. Oppdatert plankart og føresegner er alltid å finne på arealplaner.no og i origo. Ei enkel brukarrettleiing av desse kartsystema finn du her

Planskildringa skildrar planen med føremål, hovudgrep, arealoversikt og tankane bak. Planskildringa supplerer plankartet og føresegnene og vil vere eit dokument som kjem til nytte i tolkingsspørsmål om intensjonar.

Korleis lese planen

Når ein skal finne ut kva som gjeld for ein eigedom eller ei adresse, rår vi til å nytte følgjande framgangsmåte:

  1. Gå inn på start/søke-sida i arealplaner.no, her.
  2. Vel eiendom/adresse og tast inn anten gnr/bnr eller adresse.  Trykk søk.
  3. Dersom du får treff for både kommuneplanen og ein reguleringsplan er det oftast berre reguleringsplanen som gjeld. Dersom ikrafttredelsesdatoen på reguleringsplanen er seinare enn kommuneplanen er det alltid berre reguleringsplanen som gjeld. Dersom reguleringsplanen er eldre enn kommuneplanen, sjå pkt. 8 og 9 nedanfor. 
  4. Klikk på kommuneplan.
  5. Klikk i kartet og “Se kartdetaljer”. Etter litt tid får du opp eit større kartbilete. 
  6. Klikk på “Zoom til eiendom”.
  7. Klikk på eit punkt i kartet.  Til venstre kjem det då opp arealføremål og evt. hensynssoner eller bestemmelsessoner for aktuelt punkt. Desse kan du klikke på for meir info.
  8. Dersom treffet er “Detaljeringssone” er det ein reguleringsplan der som gjeld. Arealdelen gjeld då ikkje for aktuelt punkt.
  9. Dersom det aktuelle arealføremålet er “Kombinert bebyggelse og anleggsformål” er plansituasjonen litt komplisert. Då er det ein gjeldande reguleringsplan der som gjeld i hovudsak, men arealdelen gjeld framom på nokre punkt. Dette er som regel faresoner som går fram av kartet til arealdelen.
  10. Dei ulike arealføremåla og hensynssonene er omtala i føresegnene. For å få opp dei må du tilbake til forrige visning ved å trykke på “Gå til plandetaljer".
  11. Trykk på “Se gjeldende bestemmelser”. 
  12. Føresegnene er oppbygde med generelle føresegner i hovudpunkt og spesielle føresegner i underpunkt. Hugs også sjekke dei generelle føresegnene som gjeld for føremåla eller hensynssonene. Tips for å finne fram:
    1. Sjå korleis innhaldslista er bygd opp. 
    2. Søk ved hjelp av Ctrl+F og tast inn det uttrykket du vil søke på.

Artikkelliste