Informasjon om avløp og vasskvalitet i Vaset-Syndin - Vestre Slidre kommune

Informasjon om avløp og vasskvalitet i Vaset-Syndin

Vestre Slidre kommune har gjennomført ei resipientundersøking i området Vaset-Syndin-Krokåne for å kartleggje tilstanden i vassførekomstane og sikre god vasskvalitet. Bakgrunnen er behovet for betre reinsekapasitet grunna eksisterande og framtidig hytteutbygging.

Hovudfunn

Resipientvurderinga viser at mange private avløpsløysingar i området Vaset–Syndin–Krokåne ikkje tilfredsstiller reinsekrava i forureiningsforskrifta. Utslepp frå avløp bidreg til tilførsel av næringsstoff og kan føre til overgjødsling og auka algevekst i elver og innsjøar.

For å oppfylle krava i vassforskrifta er det naudsynt både med oppgradering av eksisterande avløpsanlegg og streng regulering av nye utslepp.

Tiltak framover

Kommunen har no etablert ein plan for vidare oppfølging av avløpssituasjonen i området:

Oppgradering av eksisterande avløpsanlegg 

Det ligg føre nasjonale krav om at avløpsanlegg skal oppfylle reinsekrava innan 2033. Kommunen arbeider med opprydding i eksisterande anlegg og vil følgje opp med tilsyn og pålegg der det er behov.

Tilknyting til kommunalt avløp 

Eigedomar nær kommunalt avløpsnett skal koplast til der dette er praktisk mogleg, for å redusere utslepp frå separate anlegg.

Avgrensa opning for nye utslepp på Vaset og Syndin

Det er opna for ein avgrensa og kontrollert behandling av nye utsleppsløyve innanfor fastsette kapasitetstak i dei enkelte nedbørsfelta. I dei mest sårbare områda gjeld det framleis strenge restriksjonar, og enkelte område som til dømes Søre Syndin har framleis byggjestopp.

Strengare krav til nye løysingar 

Nye utsleppsløyve vert berre gitt der det er godt dokumentert at anlegget oppfyller krav til reinsing, og at utsleppet ikkje medfører forringing av resipienten.

Vidare overvaking og kartlegging 

Det vert gjennomført regelmessig prøvetaking av innsjøane for å følgje utviklinga i vasskvaliteten. Kommunen arbeider også med å kartleggje påverknad frå fleire kjelder.

Kvifor er tiltaka viktig?

Tiltaka vil bidra til å:

  • Redusere forureining og overgjødsling.
  • Sikre berekraftig hytteutvikling
  • Oppfylle nasjonale krav til vassforvaltning.

For meir info om situasjonen og private avløp gå til: