1. Alle som eig eller byggjer eit avløpsanlegg må ha utsleppsløyve
Ei utsleppsløyve gir tillating til noko som i utgangspunktet er forbode, og kommunen er forureiningsmyndigheita som skal handsame søknader, føre tilsyn og følgje opp avvik på slike anlegg.
Som eigar av eit privat avløpsanlegg er du sjølv ansvarleg for den forureininga anlegget kan medføre. Difor er det særs viktig at du held deg innanfor rammene som er gitt i utsleppsløyvet frå kommunen, og at anlegget er i samsvar med bestemmelsane i forureiningsforskrifta. Du som eigar må du til ei kvar tid sørgje for at anlegget ditt fungerer slik det er føresett.
Før etablering av nye, eller vesentleg endring av eldre avløpsanlegg, må du søke om utsleppsløyve.
1.1. Avløpsanlegg i Vestre-Slidre
Mange eigedomar i Vestre Slidre har private avløpsanlegg, og mange av desse er gamle, har låg reinseevne eller manglar dokumentasjon. I tillegg har enkelte av nedbørsfelta våre i fjellområda utfordringar med tilstanden i resipientane, og dermed også avgrensa kapasitet for nye utslepp. For å beskytte drikkevatn, natur og sårbare område følgjer kommunen no opp spreidde vatn- og avløpsløysingar i tråd med nasjonale miljøkrav og eigen handlingsplan for å rydde opp i avløpssituasjonen i kommunen. Målet er å få rydda opp og sørgje for at forureinande utslepp skjer på ein trygg, lovleg og miljømessig forsvarleg måte.
Kommunen fører tilsyn ved å følgje opp innrapporterte avvik, fysisk tilsyn og kontroll av dokumentasjon.
1.2. Avløpssituasjonen Vaset og Syndin
Vaset–Syndin: mellombels informasjon
Kommunen avklarar no praksis for nye utslepp i lys av resipientvurderinga (2025) og avventar skriftleg innspel frå Statsforvaltaren. Søknad kan formelt sendast, men kommunen kan per no ikkje innvilge nye utsleppsløyve i dei mest sårbare nedbørsfelta før avklaringa er ferdig.
Kommunen har justert informasjonen på denne sida for å forhindre misforståingar. Om du har fått annan informasjon tidlegare, er det denne sida som gjeld:
2. Korleis velgje rett løysing?
Grunnforholda på eigedomen, avstand til vasskjelder og ulike brukarinteresser (badeplassar, rekreasjonsområde osv.) bestemmer kva avløpsløysing som bør veljast, og kvar avløpsanlegget kan plasserast. Avløpsanlegget og utsleppet må ikkje vere til ulempe for omgjevnadene. Du må kontakte eit nøytralt fagkyndig firma som kan gjennomføre grunnundersøkingar, prosjektere anlegget og sende inn søknad om utsleppsløyve.
2.1 Prosjektering
Det finst mange anleggstypar som kan oppfylle reinsekrava fastsette i forureiningsforskrifta, men ikkje alle løysingar er eigna i alle situasjonar. Gjennomførte undersøkingar skal dokumentere at den valde løysinga tilfredsstiller gjeldande krav.
Norsk Vann rapport 262/2021 beskriv fire fasar i undersøkingane. Fase 1, 2 og 4 skal gjennomførast i alle saker, medan fase 3 berre er aktuell der infiltrasjon kan nyttast som reinseløysing.
- Fase 1: Førebels undersøking (skal gjennomførast i alle saker)
- Fase 2: Innleiande feltundersøking (skal gjennomførast i alle saker)
- Fase 3: Detaljerte grunnundersøkingar. Merk: Gjeld berre der infiltrasjon kan nyttast til reinsing eller utslepp av avløpsvatn. Rapporten omfattar ikkje ei tilsvarande skildring av fase 3 for anlegg med utslepp til vassresipient.
- Fase 4: Konklusjonar og tilrådingar (skal gjennomførast i alle saker)
Undersøkingane vert vurderte som ein del av handsaminga av søknaden. Det skal gjennomførast eit minimum av grunnundersøkingar i kvar sak for å avklare om infiltrasjon er mogleg, og dokumentasjonen skal leggjast ved søknaden.
3. Krav til ulike typar avløpsanlegg og regelverk
Alle anlegg skal prosjekterast etter gjeldande forskrifter, NS-standardar og VA‑miljøblad, og avvik frå desse skal skildrast.
4. Søknad og informasjon om sakshandsaminga
Før bygging av anlegg eller oppgradering av gamle anlegg kan setjast i gang, skal det liggje føre:
- Godkjend søknad om utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta
- Godkjend byggjesøknad etter plan- og bygningslova
Eigaren må få bistand frå eit nøytralt, fagkyndig firma til å utarbeide og sende inn søknad om utsleppsløyve. Nabovarsel for avløpsanlegg har fire vekers svarfrist. Søknad om utsleppsløyve har inntil seks vekers sakshandsamingstid. Søknaden blir ikkje handsama før komplett søknad med alle nødvendige vedlegg er mottekne.
Etter bygging av anlegg eller oppgradering av gamle anlegg skal det sendast inn ferdigmelding.
NB! Her skal det leggjast ved bilete som dokumenterer utføringa av anlegget.
5. Søknad om utsleppsløyve
Det er ein omfattande jobb å søkje om utsleppsløyve. Den som søkjer om å forureine, har ei stor og viktig oppgåve med å kartleggje, vurdere og dokumentere sentrale forhold i samband med søknaden, for å vere trygg på at løysinga som blir valt, gjer minst mogleg skade på miljøet.
Mal for søknad om utsleppsløyve med vedlegg:
Søknadsskjema for utsleppsløyve
5.1. Rettleiing til søknaden
Rettleiar for utsleppssøknad kapittel 12 - Vestre Slidre
Komplett søknad kan sendast gjennom edialog eller i vanleg post.
Send søknad elektronisk: eDialog
Merk søknaden med gards- og bruksnummer.
5.2. Vedlegg til søknaden
Søknaden er ikkje rekna som fullstendig før alle nødvendige vedlegg ligg føre. Manglar det vedlegg, kan ikkje kommunen behandle søknaden. Nedanfor finn du ei oversikt over vedlegga med forklaring.
Vedlegg A - Namn på nøytral fagkyndig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller dokumentasjon av reinsegrad
- Her skal du føre opp kven (nøytral fagkyndig person) som har hjelpt deg med utforming og dimensjonering av reinseanlegg, og dokumentasjon av reinsegrad. Ver merksam på at dokumentasjon av reinsegraden til anlegget skal vere utført av ein nøytral fagkyndig.
- Dersom du skal installere eit ferdigprodusert minireinseanlegg, må dette vere testa i samsvar med NS-EN 12566-3. Sjekk at reinsegraden som er ført opp på CE-merket til minireinseanlegget, tilfredsstiller reinsekravet for ditt utslepp (du har ført opp reinsekrav under punkt 5).
- For alle andre reinseløysingar må du dokumentere at du har nytta anerkjend dimensjonering og utforming.
Mal for vedlegg A til utsleppssøknad
Vedlegg B - Grunngiving for ønske om unntak frå standardreinsekrav §§ 12-8 til 12-9 / lokale reinsekrav eller relevant dokumentasjon
- Dersom du søkjer om unntak frå reinsekrav, skal du grunngi dette særskilt. Ver merksam på at dersom du søkjer om unntak, gjeld ikkje kommunen sin saksbehandlingsfrist på seks veker.
Vedlegg C - Dokumentasjon av reinsegrad, jamfør § 12-10, og beskriving av anlegg
- Ver merksam på at dokumentasjonen skal vere utført av nøytral fagkyndig. Vedlegget skal også innehalde ei beskriving av anlegget (type/modell/leverandør og så vidare) og korleis det skal drivast.
Mal for vedlegg C til utsleppssøknad
D. Plassering av avløpsanlegg, utsleppsstad, eigedomsgrenser og vegtilkomst (for slamtømming, vedlikehald og så vidare) på kart i målestokk 1:5000 eller større
Mal for vedlegg D til utsleppssøknad
Vedlegg E - Liste over eigedommar som er tilknytte avløpsanlegget med gardsnummer, bustadnummer og adresse
- Dersom du skal knyte deg til eit eksisterande reinseanlegg, må du leggje ved ei liste over kva bygningar som allereie er tilknytte anlegget. Gardsnummer og bustadnummer for desse bygningane får du ved å kontakte kommunen. Dersom det ikkje er fleire bygningar knytte til anlegget, skal du setje kryss i boksen «ikke relevant» i søknadsskjemaet.
Mal for vedlegg E til utsleppssøknad
Vedlegg F - Oversikt over interesser som søknaden vedkjem (drikkevassforsyning, rekreasjon, næringsverksemd og så vidare). Beskriving av tiltak for å motverke interessekonfliktar og tiltak for å sikre helse og miljø
- Brukarinteresser knytte til utsleppsstaden vil ha stor betydning for plassering og utforming av reinseanlegg eller utsleppspunkt. Vedlegget skal innehalde ei vurdering av interesser som kan/vil bli rørte ved av utsleppet (for eksempel drikkevatn og brønnar, jordvatning, leikeplassar, bading, fiske, turløyper og så vidare), og plasseringa til utsleppsstaden når det gjeld brukarinteresser. Dersom du er i tvil, kan det vere nyttig å kontakte ein fagkyndig som kan gjere ei nøytral vurdering.
For eksempel vassforsyning, brønnar, jordvatning, næringsverksemd, bading, rekreasjon osv.). Dokumentet bør og innehalde ein tekst med skildring av tiltak for å motverke interessekonflikter og tiltak for å ivareta helse og miljø.
Mal for vedlegg F til utsleppssøknad
Vedlegg G - Oversikt over kven som er varsla
- Alle naboar og aktuelle partar skal varslast 4 veker før søknaden blir send.
- Du må lage ei liste over kven som har blitt varsla, og du må leggje ved kvittering på at det er sendt varsel til dei respektive (for eksempel kvittering på rekommandert sending eller underskrift).
På forespørsel kan kommunen kan oversende liste over liste over naboar som skal varslast.
Hugs at svarfrist på nabovarsel i utsleppssøknadar er 4 veker.
Mal for vedlegg G til utsleppssøknad
Vedlegg H - Eventuelle mottekne klagar/protestar
- Dersom du har motteke klagar/protestar, skal dei leggjast ved søknaden. Dersom du ikkje har motteke klagar/protestar, kryssar du av i boksen «ikkje relevant».
5.3. Ettersending av vedlegg
Dersom du ønskjer å ettersende eventuelle vedlegg må du merke dei med gards- og bruksnummer.
Ettersending av vedlegg kan gjerast gjennom eDialog eller per post.
Send søknad elektronisk: eDialog
6. Dokumentasjon av grunnforhold
Krevjast ved søknad om løyve til etablering av infiltrasjonsanlegg/sandfilteranlegg. Denne dokumentasjonen skal utarbeidast av nøytral fagkyndig med nødvendig kompetanse for denne typen grunnundersøkingar.
Det bør takast bilete som dokumenterer gjennomføringa av grunnundersøkingane, slik at kommunen kan verifisere at undersøkingane er utførte på ein fagleg forsvarleg måte.
Dokumentasjonen skal innehalde:
- Jordprofil og jordanalyse for kvart prøvepunkt
- Jordanalyse og kornfordelingsanalyse, inkludert siktekurver, sorteringsgrad og middelkornstorleik for dei aktuelle prøvepunkta, samt utrekning av nødvendig infiltrasjonsareal
- Eventuell infiltrasjonstest
- Skildring av lausmassane si hydrauliske kapasitet, om dei er eigna som reinsemedium, og ei vurdering av risiko for forureining (brønnar, badeplassar, rekreasjonsområde, vegrøft osv.)
- Skildring av terrenget i området, helningsgrad og -retning, samt vurdering av hydrogeologiske forhold som strøymingsretning for infiltrerte vassmassar, fjellformasjonar i grunnen, avstand til grunnvatn osv.
- Teikning i kart som viser strøymingsretning for infiltrert vatn i grunnen (merka med piler), helningsgrad og -retning i terreng, registrert fjell i dagen, nummererte undersøkte lokalitetar osv.
- Skildring av korleis anlegget skal støtbelastast (alle anlegg med fleire enn to grøfter/infiltrasjonsrør må støtbelastast), samt utforming og plassering av peilerør som blir brukte for å kontrollere om det står vatn i fordelingslaget
- Skildring av nødvendig tilsyn og kontroll for å sikre stabil og sikker drift av det prosjekterte anlegget
7. Kopi av signerte avtalar
Til dømes avtalar om løyve til tilkopling til annan eigedom sin utsleppsleidning, eller føring av avløpsleidning over annan eigedom. Slike avtalar bør innehalde ei fordeling av ansvar for vedlikehald og reparasjonar på felles anlegg. Vestre Slidre kommune tilrår at slike avtalar blir tinglyste. Dette kan også vere avtalar om tilsyn og vedlikehald på avløpsreinseanlegg.
NB! Ved søknad om etablering av minireinseanlegg er det krav om dokumentasjon på inngått serviceavtale for reinseanlegget.
8. Ferdigattest
Når anlegget er ferdigstilt, må ansvarleg søkar sende inn søknad om ferdigattest til kommunen. Det skal takast bilete av anleggsarbeidet som dokumenterer at arbeidet er utført i samsvar med gjeldande forskrifter, og desse bileta skal leggjast ved søknaden om ferdigattest. Kopi av eventuell serviceavtale skal leggjast ved seinast saman med søknaden om ferdigattest.
9. Dine pliktar som anleggseigar
- Anleggseigaren er ansvarleg for å kjenne til korleis anlegget skal drivast, slik at det fungerer forskriftsmessig.
- Anleggseigar skal kjenne til og overhalde punkta i utsleppsløyvet.
- Anleggseigar er ansvarleg for at det er inngått avtale om service for avløpsanlegg som krev dette, blant anna minireinseanlegg, samt at service blir gjennomført og at kopi av servicerapport blir sendt til kommunen kvart år. Anleggseigar må sørgje for at kommunen får beskjed dersom det blir gjort endringar i serviceavtalen.
- Alle som har privat avløpsanlegg i Vestre Slidre kommune, er plikta til å vere med på kommunens interkommunale ordning for tømming av avløpsanlegget. Det er Valdres kommunale renovasjon som er ansvarleg for tømmeordninga, medan kommunen er ansvarleg for faktureringa av tømminga.
10. Viktig informasjon for deg som:
Lenkane er henta frå norskvann.no - Den nasjonale interesseorganisasjonen for vannbransjen.
11. Aktuelle regelverk og veiledere