Vaset og Syndin
Kommunen har fått mange spørsmål om situasjonen i nedbørsområda på Vaset og Syndin. Det er mellombels stans i nye utsleppsløyve, fordi resipientvurderinga for Vaset og Syndin frå 2025, viser låg restkapasitet for nye utslepp fleire stader. Kommunen har fått positive signal frå Statsforvaltaren om retninga vidare og at arbeidet som er lagt ned i kartlegginga er godt. Kommunen venter no på eit skriftleg svar frå Statsforvaltaren, som saman med funna i rapporten, vil vere grunnlaget for avklaringa om korleis situasjonen blir handtert vidare.
Kommunen rådar til å vente med søknadar fram til dei nødvendige avklaringane ligg føre. Rapporten peikar på at minireinseanlegg med etterpolering vil verte ei føresetnad for at den berekna restkapasiteten i resipientane skal gjelde.
Vi oppdaterer denne sida så snart ny informasjon er tilgjengeleg.
Kvifor mellombels stans?
Etter vassforskrifta skal elvar og innsjøar ikkje forringast, og dei skal ha minst god miljøtilstand. Det betyr at sjølv om tilstanden i fleire resipientar er god i dag, kan ikkje kommunen opne for nye utslepp dersom det kan drive tilstanden ned eller hindre måloppnåing, jf. vassforskrifta § 4. Dette er ei plikt som ligg til grunn for all handsaming, og kommunen skal også føre tilsyn og følgje opp private avløpsanlegg etter forureiningsregelverket.
Status i nedbørsfelta
Det er ulik restkapasitet i resipientane som er vurderte i resipientvurderinga. Eit viktig poeng er at utslepp oppstrøms reduserar restkapasiteten i resipientar som ligg nedstrøms, sidan påverknadane følger vassdraget. Difor er det rekna ut restkapasitet for kvar enkelt resipient.
Kommunen er juridisk forplikta til å hindre forringing av vassførekomstane, jf. vassforskrifta kapittel 2. Etter § 4 skal alle resipientar ha minst god miljøtilstand, og det er ikkje lov å forringe ein resipient til ei lågare tilstandsklasse.
Dette betyr i praksis:
- Svært god → God tilstand: ikkje tillate, dersom utsleppet fører til forringing.
- God → Moderat tilstand: ikkje tillate.
- Moderat tilstand: har ingen restkapasitet før tilstanden er forbetra.
Dette betyr at sjølv ein resipient med svært god tilstand, men som ligg på vippen til god, har svært avgrensa restkapasitet. Eit lite auke i belastning kan føre til at tilstanden fell til god, noko som ikkje er tillate. Samstundes kan resipientar som ligg trygt innanfor god tilstand, ha noko meir handlingsrom så lenge tilstanden ikkje står i fare for å falle.
Eit konkret døme er Søre Syndin, som i dag har moderat tilstand. Her er restkapasiteten lik null, sidan miljømålet er minst god tilstand. Her kan ikkje nye utslepp tillatast. Eit anna døme er Krokåni, som har svært god tilstand, men ligg nær grensa til god. Her er kapasiteten svært avgrensa fordi det er risiko for at tilstanden forringast til ei lågare klasse.
Handlingsrommet for nye utslepp avheng difor av om resipienten kan haldast innan same tilstandsklasse utan å forringast, og kommunen må jobbe etter føre-var-prinsippet. Forringing innanfor ei klasse kan i nokre tilfelle vere mogleg dersom den ikkje påverkar tilstandsklassifiseringa, men kommunen må uansett sikre at resipientane blir forvalta slik at tilstanden ikkje blir dårlegare, og gjerne forbetra over tid.
Vidare praksis for utslepp og kapasitetsvurderingar vil bli fastsett når kommunen har motteke det skriftlege innspelet frå Statsforvaltaren og gjort dei interne vurderingane.
Resipientrapport og handlingsplan:
Midtre Syndin
Midtre Syndin nedbørsfelt - NVE (REGINE)Midtre Syndin er sårbar for auka belastning, og restkapasitet for nye utslepp avheng av samordning med Vang kommune, og er noko av det som må avklarast før vidare praksis kan avgjerast.
Unntak frå mellombels stans på Midtre Syndin: Eigedomar knytt til mellom anna Sandodden etterpoleringsanlegg og Midtre Syndin reinseanlegg er ikkje påverka av byggjestoppen, då desse anlegga allereie har utsleppsløyve.
Nørre Syndin
Nørre Syndin - NVE (REGINE)Nørre Syndin er sårbar for auka belastning, og restkapasitet for nye utslepp avheng av samordning med Vang kommune, og er noko av det som må avklarast før vidare praksis kan avgjerast.
Søre Syndin
Søre Syndin - NVE (REGINE)Søre syndin har i dag moderat tilstand, og difor ingen kapasitet for nye utslepp til resipienten. Kommunen vil i dette området prioritere tilsyn og opprydding i private avløpsanlegg, i tråd med handlingsplanen for spreidde avløp.
Krokåni (nedstrøms Søre Syndin)
Krokåni - NVE (REGINE)Krokåni har svært begrensa kapsitet for nye utslepp. Resterande kapasitet er avhengig av opprydding i eksisterande anlegg og tilkopling til Vaset reinseanlegg, der dette er mogleg.
Vasetvatnet (nedstrøms Krokåni)
Vasetvatnet - NVE (REGINE)Vasetvatnet har ei avgrensa kapasitet for nye utslepp. I dette området vil tilknytning til offentleg VA og opprydding i eksisterande anlegg, i tråd med handlingsplanen vere prioritert av kommunen.
Sundheimselva (nedstrøms Vaset RA)
Sundheimselva får avrenning frå alle resipientane oppstrøms heilt frå Søre Syndin. Oppgradering og tilkobling til Vaset reinseanlegg og god kontroll med avløpsløysingane oppstrøms, vil difor vere avgjerande for den resterande kapasiteten i området.
Kvifor avløpsanlegg betyr mykje, sjølv om dei ikkje er den største kjelda åleine
Det er fleire kjelder til næringsstoff i eit nedbørsfelt, naturleg avrenning, beitedyr, jordbruk og private avløpsanlegg. Nokre peikar difor på at avløpsanlegg ikkje er den største bidragsytaren. Dette er forståelege spørsmål, men det er viktig å sjå heile bilete og usikkerheitane som ligg til grunn.
Sjølv i eit naturleg system med noko avrenning frå jord og beite, kan små ekstra mengder næringsstoff vere nok til å tippe balansen, særleg i sårbare resipientar. Dette er grunnen til at vannforskrifta krev at vi ikkje skal forringe tilstanden i ein resipient, sjølv om han allereie ligg innanfor god. Ein liten auke kan gje eit stort utslag i små eller sårbare innsjøar.
Vannforskrifta har juridisk bindande miljømål om at resipientar skal ha minst god tilstand, og forringing er ikkje tillate. Det betyr at kommunen ikkje kan opne for nye utslepp dersom det bidreg til at ein resipient får dårlegare tilstandsklasse, sjølv om andre kjelder også speler ei rolle. Dette er ikkje eit val kommunen tek, men det er ei plikt.
Kommunen kan ikkje styre verken nedbørsmengder eller all naturleg avrenning. Men kommunen er forureiningsmyndigheit for alle avløpsanlegg under 50 pe (forurensningsforskrifta kap. 12), og har plikt til å både føre tilsyn og hindre forureining frå avløp.
Det gjer avløp til eit av dei mest konkrete og effektive områda der kommunen faktisk kan gjere tiltak som reduserar belastninga.
Tiltak som oppgradering til betre reinseteknologi eller tilkopling til offentleg avløp vil gi ei positiv effekt for resipientane. Når gamle anlegg blir fjerna eller oppgradert, gir dette både eit tydeleg betre dokumentasjonsgrunnlag der det i dag er manglar, og ein klar reduksjon i utslepp til vassdraga.
Ved å hindre at forureining når fram til resipientane, bidreg desse tiltaka direkte til å forbetre tilstanden i vassdraga. For sårbare vatn er dette eitt av dei mest effektive verkemidla kommunen har for å hindre forringing og styrkje vassmiljøet over tid.
Fleire resipientar i rapporten ligg i god eller svært god tilstand, men med låg restkapasitet. Det betyr at dei er på vippen til å falle ned i ei dårlegare tilstand. Vannforskrifta forpliktar kommunen til å hindre slik forringing.
Opprydding etter forringing krev:
- langt meir omfattande og inngripande tiltak
- meir ressursbruk
- dårlegare vilkår for både natur og næringsliv
Difor legg kommunen til grunn eit føre-var‑prinsipp, slik forskrifta krev.
Kommunen er forureiningsmyndigheit for mindre avløpsanlegg, jf. forureiningsforskrifta kapittel 12.
Kva skjer no, og kvifor?
Kommunen sine vidare vurderingar beror på det skriftlege innspelet frå Statsforvaltaren, i samanheng med resultata i den omtala resipientvurderinga. Statsforvaltaren har gitt positive signal om at kunnskapsgrunnlaget er godt, og at ei forsiktig oppheving av mellombels stans kan vere mogleg innanfor berekna kapasitet. Dette med unntak av Søre Syndin som ikkje har noko kapasitet. Kommunen kan likevel ikkje endre praksis før skriftleg innspel er motteke og vurdert.
Framtidig reinsekrav for private avløpsanlegg
For nye utslepp i dei aktuelle nedbørsfelta på Vaset og Syndin er det lagt til grunn eit krav om minst 90 % reduksjon av fosfor, jf. resipientvurderinga og dialog med statsforvaltaren.
Dette inneber at tradisjonelle løysingar som infiltrasjon åleine, eller gråvassanlegg med infiltrasjon, ikkje oppfyller krava. For å oppnå stabil reinsing på minst 90 % må det normalt installerast minireinseanlegg med dokumentert reinsegrad (godkjent etter NS-EN 12566-3), kombinert med etterpolering.
Endeleg krav blir fastsett når kommunen har motteke det skriftlege innspelet frå Statsforvaltaren og gjort dei interne avklaringane.
Kvifor minireinseanlegg?
Resipientvurderinga har berekna restkapasitet under føresetnad av at nye anlegg er minireinseanlegg med etterpolering.
Årsaka er:
- Minireinseanlegg er typegodkjende etter NS‑EN 12566‑3 og er uavhengig testa ved akkrediterte laboratorium (til dømes teknisk godkjenning frå SINTEF), med dokumentert reinseevne som oppfyller kravet om minst 90 % reduksjon av fosfor (P).
- Dei har stabile reinsedata over tid.
- Dei har krav om årleg serviceavtale og drift, som sikrar betre oppfølging og teknisk tilsyn.
- Dei gir meir presis dokumentasjon av drift og utslepp, som betrar kommunen sitt grunnlag for vidare forvaltning og tilsyn.
Kommunen vil framleis føre tilsyn med slike anlegg, sjølv om dei er omfatta av serviceavtale.
Kommunen har justert informasjonen på denne sida for å forhindre misforståingar. Om du har fått annan informasjon tidlegare, er det denne sida som gjeld.