Handlingsplan for spreidd avløp
I 2024 vedtok kommunestyret handlingsplanen for spreidd avløp. Som ein del av denne planen har kommunen starta arbeidet med å gjennomføre tilsyn av alle private avløpsanlegg. Med om lag 1600 anlegg i kommunen vil dette arbeidet halde fram over fleire år. Kommunen er delt inn i prioriterte område, og det er ikkje mogleg å gi eit nøyaktig tidspunkt for når vi kjem til eigedomen din. Handlingsplan for spreidd avløp kan du lese her:
Handlingsplan 2024 - 2033 (PDF, 3 MB)
Kva betyr dette i praksis?
Kommunen gjennomfører fysisk tilsyn hovudsakleg gjennom sommaren.
Det blir utført ein enkel fysisk kontroll av anlegget, der det blir lyft på kummar, teke bilete, og eventuelle avvik blir notert. Du treng ikkje vere til stades, men du er sjølvsagt velkommen dersom du ønskjer det.
Påfølgjande vinter blir det sendt ut ein kort rapport. I rapporten vil du få informasjon om eventuelle manglar. Ved større manglar blir det sendt ut pålegg om utbetring, der heile eller delar av anlegget må bytast ut. Ved pålegg om utbetring blir det vanlegvis gitt ein frist på to år (to sommarsesongar) for å gjere utbetringane. I tilfelle der det er akutt forureining, kan kommunen gje ein kortare frist.
Kvifor jobbar kommunen med tilsyn?
Det er fleire grunnar til at vi arbeider med tilsyn av private avløpsanlegg.
- Kommunen har plikt til å gjennomføre tilsyn etter forureiningsforskrifta.
- I område med mange anlegg er det ofte også mange drikkevassbrønnar. Avløpsvatn på avvegar kan forureine drikkevatnet i desse.
- Etter vassforskrifta § 4 skal vassførekomstar (elvar, bekkar og innsjøar) ha minst god økologisk og kjemisk tilstand. Difor er det viktig at avløpsanlegga reinar i tråd med dagens krav.
Nasjonale føringar ligg til grunn for kommunen sitt arbeid med spreidd avløp:
“Kommunene skal kartlegge og følge opp utslipp fra avløpsanlegg som de er myndighet for (alle avløpsanlegg etter kapittel 12 og 13 i forurensningsforskriften). Kommunen skal gi pålegg om tiltak for anlegg som ikke overholder rensekrav gitt i tillatelser etter 1.1.2007, samt sette i verk tiltak for å sørge for at utslipp etablert før 1.1.2007 blir renset i tråd med rensekravene i forurensingsforskriftens kapittel 12 og 13. ”
Dokument frå klima- og miljødepartemanget kan du lese her
Kven får pålegg om utbetring?
Etter tilsynet blir det sendt ut brev til alle som har manglar. Vanlege manglar er manglande sikring av lokk, dårleg fordeling av vatn i infiltrasjonen og andre tekniske manglar. Nokre av desse manglane er enkle å utbetre, og kan bidra til at levetida på anlegget blir forlenga. Anlegg med større avvik, samt eldre anlegg, vil få pålegg om å byte ut heile eller delar av anlegget.
Dei som eig eit anlegg som er eldre enn 30 år, må forvente å bli pålagde å søkje om nytt utsleppsløyve. For mange vil dette bety at dei må byte ut heile eller delar av anlegget, slik at det oppfyller dagens krav til reinsing.
Tilsynsgebyr
Alle som har eit avløpsanlegg vil få ein faktura for tilsynsgebyr. Dette er eit årleg gebyr som finansierer tilsynsarbeidet, og du vil få gebyret sjølv om kommunen ikkje har vore på tilsyn på eigedomen din dette året. Gebyret skal dekke kommunens arbeid med tilsyn og kontroll av private avløpsanlegg etter forureiningsforskrifta kapittel 12. Det å føre tilsyn med spreidd avløp er ei lovpålagd oppgåve som alle kommunar i Noreg må utføre.
Kommunen skal gjennomføre arbeidet etter sjølvkostprinsippet. Det betyr at vi ikkje kan bruke pengane til noko anna enn det det faktisk kostar å gjennomføre tilsynsarbeidet. Utgiftene våre er mellom anna nødvendige IT-løysingar, kartlegging av alle avløpsanlegga, oppmøte på tilsyn, saksbehandling og rapportering til sentrale styresmakter.
Tilsynsgebyret blir også sendt ut til eigarar av nye anlegg. Kommunen har det same myndigheitsansvaret for nye anlegg som for eldre. Nye anlegg kan også ha tekniske feil eller manglar som gjer at reinsegrad er dårlegare, eller som kan føre til kortare levetid på anlegget. Ved å rette opp feil tidleg, unngår ein ofte større kostnader på sikt.
Du finn meir informasjon under «ofte stilte spørsmål» i kapittelet nedst på denne sida.
Ofte stilte spørsmål
Tilsyn - generelt
Ei anna årsak til at eldre anlegg har dårleg reinsing, er at jordsmonnet i infiltrasjonsgrøfta blir «metta» over tid. I eit infiltrasjonsanlegg skal næringsstoff feste seg til partiklane i jorda ved hjelp av bakteriar. Sjølv under optimale forhold vil dette naturlege filteret tette seg over tid, og det må då bytast ut.
Kommunen kan, med heimel i forureiningsforskrifta §§ 12‑14 og 12‑16 og forureiningslova § 18, endre vilkår eller trekkje tilbake utsleppsløyvet. Det er vanskeleg å ta prøvar som viser reinsenivået til eit infiltrasjonsanlegg. Fagmiljøet opererer med ein forventa levetid på om lag 25–30 år. For å beskytte mot forureining, og for å sikre lik behandling, opererer kommunen derfor med ei grense på 30 år.
Dersom du mistenkjer at anlegget ditt ikkje fungerer som det skal, eller du veit at anlegget er eldre enn forventa levetid, kan du på eige initiativ kontakte eit fagkyndig firma. Dei kan hjelpe deg både med søknad og bygging av nytt anlegg.
Ja, alle som skal gjere større utbetringar på anlegget sitt, må søkje om nytt utsleppsløyve.
Kostnaden for søknaden blir fastsett i gebyrregulativet, som du finn her.
Ja. Det er ofte billegare å etablere og drifte eit fellesanlegg enn enkeltanlegg. Pålegg om utbetring blir sendt ut samtidig for kvart område, slik at det blir enklare å planleggje felles løysingar.
Tilsynsgebyr
Alle kommunar i Noreg har krav om å føre tilsyn med spreidd avløp. Korleis dei vel å finansiere dette arbeidet varierer, men fleire av Valdres‑kommunane har innført eit årleg gebyr.
Sjølv om kvar eigedom ikkje får tilsyn kvart år, er det bestemt at det skal vere eit årleg gebyr. Dette gjer ordninga meir føreseieleg, både for kommunen og innbyggjarane. Det kan samanliknast med feiegebyret, som også blir sendt ut årleg sjølv om tilsynet ikkje skjer kvart år. Kommunen sitt arbeid med tilsyn er løpande og går over fleire år.
Alle som har eit søknadspliktig, privat avløpsanlegg får gebyr. Det vil seie anlegg med slamavskiljar, tett tank, gråvassanlegg, minireinseanlegg og andre tekniske løysingar. Dersom anlegget blir tømt av slamtømmefirma, ligg anlegget under kommunen sitt tilsynsarbeid. Vi skil ikkje mellom hus og hytter.
Vi gjennomfører ei kartlegging av alle anlegg i kommunen. Det betyr at vi tek bilete av alle kummar og området rundt, og sjekkar om det finst synlege manglar. I tillegg går vi gjennom meldingar frå slamtømmar og kontrollerer om anlegget er i tråd med utsleppsløyvet.
Sjølv om anlegget har fått fritak frå slamtømming, har kommunen likevel ei oppgåve med å kartleggje alle avløpsanlegg. Dersom det blir avdekt manglar, kan dette påverke om anlegget kan takast i bruk igjen eller ikkje. Tilsynsgebyret dekkjer alle oppgåver kommunen har i samband med tilsyn, ikkje berre den fysiske kontrollen.
Kommunen kontrollerer andre forhold enn servicepersonell, til dømes kvar avløpsvatnet hamnar (om det kan forureine drikkevatn eller badevatn). Kommunen følgjer også opp eventuelle avvik frå service, og kontrollerer at utsleppsløyva er i orden.
Tilsynet er ikkje ein service av anlegget. Det kan sjølvsagt vere til nytte for både anleggseigar og naboar dersom feil blir avdekte, men tilsynet handlar først og fremst om at kommunen må ha oversikt og kontroll over alle utslepp. Vi forstår at eigarar av anlegg med serviceavtale kan oppfatte dette som overflødig, men kommunen har plikt til å føre tilsyn med alle avløpsanlegg, inkludert minireinseanlegg. Difor blir det også sendt ut tilsynsgebyr til desse.
Nei, det blir anten sendt ut eitt gebyr til eigar av anlegget, eller delt mellom eigarane. Dersom de har fellesanlegg, men får fleire heile gebyr, må de ta kontakt med oss.
Fellesanlegg er anlegg der avløpsvatn frå fleire eigedomar blir samla før hovudrensetrinnet. Dersom to hus har kvar sin slamavskiljar, men vatnet går til same infiltrasjonsgrøft, blir det rekna som eit fellesanlegg. Det same gjeld dersom det samlast til éi tett tank eller eitt minireinseanlegg.
Dersom kvart anlegg har eiga grøft eller tank, er det separate anlegg, og då skal det betalast eitt gebyr per anlegg.
Nei, dette blir rekna som eitt anlegg. Du skal ikkje betale to gebyr for avløpsvatn frå éi bygning.
Kommunen sender ut gebyr til alle som er registrert for slamtømming. Dersom du til dømes har ein slamavskiljar for gråvatn som blir tømt gjennom slamtømmeordninga til VKR (Valdres Kommunale Renovasjon), skal du betale tilsynsgebyr.
Tømmegebyret dekkjer kostnadene Valdres Kommunale Renovasjon har med tømming av avløpsanlegg. Tilsynsgebyret dekkjer kommunen sitt arbeid med tilsyn av avløpsanlegga, inkludert oppfølging av avviksrapportar frå VKR. Kommunen kan ikkje bruke desse midlane til noko anna enn tilsynsarbeidet.
Nei. Planen er at alle anlegg i kommunen skal få tilsyn, men det er om lag 1600 anlegg, så dette er eit arbeid som vil gå over fleire år.