Vevstogo får folk til å stoppe

For eitt år sida flytta Vibeke Isachsen (37), Lars Blikstad Galaaen (35) og Eivor (2) inn i Vevstogo. Det tok éi veke før dei skjønte at hovuddøra måtte bytast for at dei skulle overleve vinteren. Dei bretta opp ermene og sette i gang med å omskape Vevstogo til deira eigen stad. Det ble starten på mykje arbeid og moro for å skape ei ny kjerne for aktivitet og trivsel i Vestre Slidre. – Vi trivast kjempegodt, konkluderer Vibeke eitt år seinare.

 Vibeke, Lars og Eivor føler seg heime i Vestre Slidre. Cathrine Dokken    

Ei kjerne for aktivitet og trivsel

Med haustmarknad, pizzakveld, julemarknad, bacalaofest og «bed and breakfast» held dei hjula aktivt i gang. På kort tid har det driftige paret blitt ei viktig kjerne for aktivitet og trivsel i Vestre Slidre. Med eigen leilegheit til utleige og 5 soveplasser med eit ønskje om å auke talet, har dei både hjarterom og husrom til små og store arrangement. – Her ligg det mange moglegheiter, seier Vibeke.

God stemning på haustmarknad på VevstogoEtter ein lang rundtur i inn- og utland vendte Vibeke heim til Valdres med mann, barn og ein koffert full av kreative idear om kva ho ville gjere. Vibeke kjem frå Fagernes og brenn for utvikling og innovasjon, både heime på Vevstogo og som konsulent på levering av digitale tenester for Valdres Næringshage.

Verdien av gamle og lokale, krydra med noko nytt

I storstua kjenner ein att å vere i ein gamal skulebygning. Tavla på veggen og rommet vitnar om ei lang historie med store og små på veg ut i verda. Frå eigen pizzaovn serverer Vibeke og Lars kortreist pizza med Valdresost og sylta kvitlauk frå hagen.

– Kombinasjonen av det gamle og nye, det lokale og den store verda, er noko vi ønskjer å bygge vidare på i alt vi gjer her framover.

Lokal mat og overnatting

På sikt ønskjer dei og å etablere eit utsal av lokale varer, for å imøtekomme den aukande etterspurnaden frå besøkande. – Utan løyve måtte vi i sumar nærast «jage» turister med vidopne «sommarferielommebøker» på jakt etter kaffi og lokale varer, ler Vibeke. – Etterspurnaden er enorm! Det finst knapt med serveringsstader mellom Vestlandet og Austlandet og Vevstogo er ein naturleg stad å stoppe for mange.

Vevstogo: hjartet i fjell-Noreg

– Vi håper etter kort å tilby eit aukande tal lokale og besøkande moglegheit til både mat og overnatting. Vi erfarer stor pågang på overnattingstilbodet på Vevstogo og jobbar med å utvikle eit konferanse-konsept for både lokale bedrifter og aktørar utanfrå, basert på lokal mat og gode naturopplevingar. – Vi ønskjer ikkje å vekse oss ut, men å bruke heile huset, med fleire sengeplassar, arrangement retta mot små grupper, kontor og møtelokalar for konferansar og «workation».

Eit samlingspunkt for dei lokale

Også lokalt er det stor etterspurnad etter samlingslokalar. Vestre Slidre manglar sosiale møteplassar og det har vore stor interesse for dei arrangementet Vibeke og Lars har hatt. – Folk trivst her. Vi har fått gode tilbakemeldingar på det vi har fått til og ønskjer å gjere meir for at Vevstogo skal vere ein stad folk ønskjer å møtast. – Her skal alle vere velkommen; både fastbuande, deltidsinnbyggarar og forbipasserande. Og vi håper alle vil føle seg heime i det vi kan tilby.

–– Vi brenn for å gjere Vevstogo til eit naturleg midtpunkt, med fokus på nærleik til naturen og kvarandre. Her skal alle vere velkommen: både fastbuande, deltidsinnbyggarar og forbipasserande! Og vi håper alle vil føle seg heime i det vi kan tilby.

Vi håper i åra framover å kunne være eit lokalt samlingspunkt; eit senter for aktivitet og trivsel. Med plassering midt i hjartet av fjell-Noreg håper vi å kunne vere med å marknadsføre Valdres som ein fantastisk plass å bu og besøke. I gamle dagar var Vestre Slidre med Slidredomen eit viktig sentrum i Valdres og på Østlandet. Med den spanande tilflyttinga vi no har til Lomen håper vi å gjenopprette Vestre Slidre som hjartet i Valdres, med Lomen som hjartets hovudpulsåre, ler Vibeke.