Informasjon om SvarUT og eDialog

Vestre Slidre kommune nyttar SvarUT slik at du kan få elektronisk post på ein trygg og enkel måte. Her er litt informasjon om korleis teneste verkar, og korleis du opprettar eiga postkasse dersom du ikkje har gjort det enno.

Digital postkasse

Innbyggjarar i Noreg kan motta post frå det offentlege digitalt. Løysinga heiter Sikker Digital Post (SDP). 

Det er to digitale postkassar å velje mellom:

  • Digipost
  • e-Boks

Begge postboksane er gratis så lenge du ikkje lagrar store mengder data. Viss du ikkje har oppretta digital postkasse vil dine elektroniske brev bli levert til Altinn (der du får sjølvmeldinga di). Når me sender post til deg, får du varsel på SMS eller e-post om kvar du skal logga deg inn for å lesa brevet. 

Her kan du opprette digital postkasse og få meir informasjon https://www.norge.no/nb/velg-digital-postkasse 

Kva viss eg ikkje vil ha elektronisk post?

Dei som ikkje har digital postkasse, vil få brevet levert i postkassa som før. Viss du får varsel om at du har motteke digital post på Altinn, har du to dagar på deg til å logge inn på Altinn og opne brevet. Blir ikkje brevet lest innan to dagar vil du få tilsendt brevet som papirbrev per post.

Reservasjon mot elektronisk post

Viss du framleis vil ha brev på papir, kan du reservere deg mot kommunikasjon på nett. Det gjer du ved å ta kontakt med eit nasjonalt kontakt- og reservasjonsregister eller ringe 800 30 300. Meir informasjon om reservasjon finn du på www.norge.no/nb/reservasjon/ 
 

Adresseoppslag - Folkeregisteret

Uavhengig om posten vert sendt digitalt eller på papir, så nyttar me mottakar si adresse registrert i Folkeregisteret. Du kan sjå og eventuelt oppdatera dine folkeregistrerte opplysningar på www.skatteetaten.no/no/person/folkeregister/

Kvifor treng eg digital post når eg har e-post?

Det offentlege kan ikkje sende gradert informasjon, som til dømes helseopplysningar, på e-post. Manglande kryptering i e-postløysingar gjer dette til ein usikker kanal. Digital post er kryptert og er difor ein sikker kanal som no skal innførast i alle kommunane i landet.

Fakta om digital post til innbyggjarar

Forvaltningslova vart i februar 2014 endra slik at digital kommunikasjon er hovudregelen når offentlege verksemder (stat, kommune og fylkeskommune) vender seg til innbyggjarar og verksemder. Viss innbyggjar ikkje ønskjer digital kommunikasjon, må innbyggjaren sjølv reservera seg.

Fakta om digital post til verksemder og organisasjonar

I Altinn er det normalt berre dagleg leiar og styreformann som har tilgang. Det kan vere fornuftig å delegere rolle og rettar til å opne post på vegne av verksemda til administrativt personale. Det er også mogeleg å setje opp ei varslingsteneste i Altinn slik at det er administrativt personale som får melding når det kjem ny post til verksemda/organisasjonen i  Altinn.

eDialog

Vestre Slidre kommune har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.

Vi oppmodar til bruk av eDialog

E-post er ikkje ein sikker kanal for å sende informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, e-post kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid. 
Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til Vestre Slidre kommune, også når det ikkje er unnateke offentlegheit.

eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg e-post.

Framgangsmåte


Klikk her for å sende oss noko via eDialog.  

Du må autentisere deg i ID-porten, anten med bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. 
Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle vedlegg. 

Utfylling av skjema
Kryss fyrst av om du er privatperson eller sender som firma
Alle obligatoriske felt er merka med *
I tittelfeltet er det til hjelp om du sett på saksnummer dersom du sender inn noko i samband med ei pågåande sak.
Skriv utfyllande kommentar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt.
Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt.
Du får ei kvittering med referansenummer på e-post.


NB!

Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO, søknad på stilling m.m.

Sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema her