Fritidserklæringen

Vestre Slidre kommune har ein eigen fritidserklæring som skal sikre at alle barn og unge har moglegheit for ei aktiv fritid. Kommunen samarbeider med NDFU (nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant barn og unge), og har gjennom ALLEMED- dugnad, både for ungdom og vaksne, hatt ein større prosess der vi har jobba fram idear som skal sikre at at alle er med! Kommunen ser barn og unge som eksperter på eigne liv, og alle elevar i 6-9.klasse har vore deltakande i prosessen. Ungdomsrådet har hatt ei særskilt viktig rolle i dette arbeidet, og har også delteke i kommunestyret for å presentere elevanes tanker og idear. Kommunestyret har bestemt å arbeide spesielt for:

  • å samle og annonsere alle fritidsaktiviteter for barn og unge på kommunen sin heimeside, slik at det er lett å finne fram ved bruk av kun ein link.
  • å samarbeide med Vaset skiheiser om å få til eit heilskapleg gratistilbod for alle barn og unge i Vestre Slidre kommune.
  • å samarbeide med FAU om å få til eit mattilbod og ein «hengeplass» for ungdom i Kulturkafeen i Slidre etter skuletid.