Fritidserklæring Vestre Slidre kommune

NY logo transparent liten

Vedteke i kommunestyret 23.03.23.


Fritidsarbeidet i Vestre Slidre kommune skal fremje trivsel ved at barn og unge opplev tilhøyre, sosialt fellesskap, læring, meistring og glede ved å få tilbod om ulike typer aktivitet, organisert og uorganisert. Fritidsarenaen skal vere tilgjenelgelg for alle barn og unge i kommunen, og ein skal arbeide for å forebygge utanforskap.

Vår lokale fritidserklæring bygger på FNs konvensjon om barns rettigheiter. Barn og unge er ekspertar på eige liv, og Vestre Slidre kommune skal difor sørge for at barn og unge blir sett og høyrt i prosessar som omhandlar deira fritid. Barn og unge må bli spurt om deira behov og kommuna skal arbeide for å imøtekomme desse.

Vestre Slidre kommune har tiltak på systemnivå som skal bidra til å oppfylla krava i denne erklæringa, samt konkrete tiltak for perioda 2023-2025. Etter 2025 må avtala evaluerast og reviderast. Barn og unge skal då og delta i arbeidet med å finne nye mål å arbeide mot.

 

Tiltak på systemnivå

  • Evaluere og sikre at tiltak i fritidserklæringa blir fulgt opp i møte med Ungdomsrådet. Oppfølging kvart halvår.
  • Samarbeide med Allemed slik det er skildra i Samarbeidsavtala mellom NDFU og Vestre Slidre kommune.
  • Rapportere til kommunestyret etter endt periode, samt legge til rette for gode prosessar ved fornying av fritidserklæringa i 2025.


Ansvarleg for oppfølgjing av dei overnevnte punkta er Rådgjevar for oppvekst under Kommunalsjef for helse og oppvekst. Dette i samarbeid med andre tjenesteleiarar i kommuna.
 

Konkrete tiltak for 2023-2025

  • Samle og annonsere alle fritidsaktiviteter for barn og unge på kommunen sin heimeside, slik at det er lett å finne fram ved bruk av kun ein link.
    Ansvarleg: Rådgjevar oppvekst i samarbeid med rektor ved Vestre Slidre skule.
  • Samarbeide med Vaset skiheiser om å få til eit heilskapleg gratistilbod for alle barn og unge i Vestre Slidre kommune.
    Ansvarleg: Ordførar og kommunedirektør.
  • Samarbeide med FAU om å få til eit mattilbod og ein «hengeplass» for ungdom i Kulturkafeen i Slidre etter skuletid.
    Ansvarleg: Leiar for kultur- og frivilligheit i samarbeid med FAU.