Høyring - Plan for eldrepolitikk - Vestre Slidre kommune

Høyring - Plan for eldrepolitikk

Til lag og foreiningar og andre høyringsinstansar

Kommunestyret har oppnemnd ein kommunestyrekomite som skal utarbeide si innstilling til Plan for eldrepolitikk for Vestre Slidre kommune. Komiteen består av Anne Berit Strømmen Strand, leiar , Eivind Brenna, nestleiar og Gerd Nanti Vika Helle

Planen skal fyrst og fremst vere ein aktivitetsretta plan som skal bidra til å førebygge helseutfordringer, støtte oppunder meistring av kvardagen og deltaking i samfunnet. Kommunestyrekomiteen seier at planen ikkje skal vere ein helse og omsorgsplan.

Lag, foreningar, kommunale råd og andre blir no invitert til å kome med kommentarar til planen før den skal bli ferdigstilt og lagt fram for kommunestyret.

Kva for tiltak meiner de er viktige for å bidra til å førebygge helseutfordringer, støtte oppunder meistring av kvardagen og deltaking i samfunnet?

Besøksvenn er eit tiltak kommunestyrekomiteen ser på som eit godt tiltak - er besøksvenn eit tiltak ditt lag eller di forening kan bidra med - i tilfelle kva skal til for at de kan bidra til få etablert besøksvenn som eit fast og tilgjengeleg tilbod?

Andre ting de ser kan betre planen for å nå dei måla kommunestyrekomiteen ønskjer å oppnå?

Høyringsfrist er sett til måndag 22.juni. Innspel sender de til post@vestre-slidre.kommune.no.

Det er planen at kommunestyret skal handsame Plan for eldre politikk 11.september.

Plan eldrepolitikk – til høyring.docx (DOCX, 4 MB)