Opning for nye utsleppsløyve på Vaset og Syndin - Vestre Slidre kommune

Opning for nye utsleppsløyve på Vaset og Syndin

I samband med avløpssituasjonen på Vaset og Syndin har det over lengre tid vore stans i godkjenning av nye utsleppsløyve for spreidde avløp.

Saka er no avklart i samråd med Statsforvaltaren, og kommunen kan opne for ein avgrensa og kontrollert behandling av nye søknader.

Vaset og Syndin

Om opninga

Det har over lengre tid vore stans i behandling av nye søknader om utsleppsløyve på Vaset og Syndin. Kommunen har sidan 2025 arbeidd målretta for å avklare situasjonen i dialog med Statsforvaltaren.

No kan kommunen opne for behandling av nye søknader i dei fleste nedbørsfelta. Søre Syndin er framleis omfatta av byggjestopp.

Kommunen har no eit godt fagleg grunnlag og tydelege føringar for vidare praksis. Det er utarbeidd ein plan som skal sikre at nye utslepp skjer innanfor det resipientane toler, og utan at vassmiljøet vert forringa.

Det er berekna kor stor belastning dei ulike resipientane toler, og det er difor eit avgrensa tal nye utsleppsløyve som kan godkjennast i kvart nedbørsfelt.

Dette gjer det mogleg med noko vidare utvikling i fjellområda, samstundes som omsynet til natur og vassmiljø vert ivareteke.

Det vert likevel understreka at dette ikkje er eit frislipp. Søknader vil bli vurderte strengt, og det vil ikkje bli gitt løyve der det er usikkerheit knytt til reinseeffekt eller påverknad på resipientane.

Kommunen oppmodar alle tiltakshavarar og prosjekterande om å setje seg godt inn i gjeldande krav før det vert sendt inn søknad.

Les meir om private avløpsanlegg og om avløpssituasjonen på Vaset og Syndin: