Beredskap

Ved hending:

Ved behov for augeblikkeleg hjelp – ring Politi (112), Brann (110) eller Ambulanse (113). Ved mindre hendingar kan du kontakte Politiet lokalt (02800) eller lokal legevakt (116 117).

Dersom telefon og internett fell bort, er det viktig å sikre deg som er i kommunen tilgang til å få kontakt ut ved akutte behov.  

  • Dersom berre telefon fell bort, kan du ringe over internett. Sjekk instruksjon for telefonen din for korleis du aktiverer det og prøv det. Og du kan ringe via internett på  m.a. messenger, facetime, whatsapp m.fl. Det er greit å teste ut dette under normale tilhøve. Prøv det. Og lær gjerne opp dei som ikkje er så vande med slikt i familien din eller blant vennene dine,  når alt fungerer. Så slepp du det når det haster.

Ved bortfall av telefoni og internett som varer meir enn i to timar, vil du finne innsatspersonell med nødnettsamband ved:

  • Ambulansestasjon i Ryfoss
  • På Slidretun
  • Brannstasjon i Røn

Er det beskjeder som det er viktig at når fram til kriseleiinga i kommunen med, henvend deg på desse tre stadene, eller direkte på kommunehuset. 

Er det beskjeder som er viktige å få ut frå kommunen, vil det og bli plakatar ved kommunehuset, samt ved inngangsdørene til butikkane, bensinstasjonane i kommunen, samt ved butikken og bensinstasjonen i Ryfoss.

Kommunen disponerar to satelittelefonar. Alt brannmannskap har tilgang på nødnettsamband.