Vigsel

Planlegg de å gifte dykk etter 1. januar 2018?

Vigslemakta blir overført frå tingrettane og Oslo byfutembete til kommunane. Lovendringa gjeld frå 1. januar 2018. Vil de gifte dykk etter denne datoen, må de ta kontakt med heimkommunen eller den kommunen der de ynskjer å bli vigde.

Borgarleg vigsel

To personar av same eller motsatt kjønn kan inngå ekteskap. Før vigsel kan skje må diverse eigeerklæringar, trulovarerklæringar og attestar fyllast ut og sendast det lokale folkeregisteret. Oversikt over kva skjema dette omfattar fins hos Skatteetaten (lenkje til Skattetetaten.no)

Folkeregisteret skriv så ut ein prøvingsattest (denne attesten er gyldig i fire månader). Når de har fått prøvingsattesten kan de ta kontakt med den aktuelle kommunen og få fastsett ei tid for seremonien.

Kva kostar det?

Borgarleg vigsel er gratis.

Kor og når kan vi gifte oss?

De kan gifte dykk borgarleg i eige distrikt, i et distrikt i Noreg, ved norske utanriksstasjonar som har vigselsrett eller for utanlandske styresmakter.

Korleis skjer seremonien?

Brudefolk, forlovarar og gjester bør møte opp 10-15 minuttar før avtalt tid for vigsel. De må vente utanfor seremonirommet til de blir vist inn. Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarar, men det kan og vere to andre myndige personar.

Dersom ein av dykk er framandspråkleg, må de på førehand avtale kva språk som skal brukast under seremonien. Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. På nokre stader kan vigselen gjennomførast på tysk eller fransk. For andre språk må de sjølve sørgje for kvalifisert tolk.

Seremonien varer i 10-15 minuttar. Ordførar, varaordførar, eller ein som har fått delegert retten frå kommunestyret står for vigselen. De blir vist inn i seremonirommet saman med gjestene. Sjølve vigselen skjer ved at vigslaren les ein fast tekst for borgarleg vigsel. Så blir de spurt om de vil ha kvarandre til ektefellar. Så erklærer vigslaren dykk som ektefolk. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigslingsprotokollen.

Endelig vigslingsattest vil bli ettersendt av folkeregisteret. Dersom de ønskjer å utveksle ringar, må de gi beskjed på førehand, gjerne når de bestiller tid for vigselen. De kan og gi beskjed til vigslaren før seremonien startar. Ringene set de på når vigslaren har erklært dere som ektefolk. Vigslaren seier frå når ringene kan utvekslast.

De kan gjerne legge inn litt musikk eller diktlesing under seremonien. Gi beskjed på førehand dersom de skal ha slike innslag.

Fotografering kan skje under og etter seremonien etter avtale med vigslaren.

Vigselsformular


Kjære brurepar
- Namnet på brureparet -

De er komne hit i dag for å bli vigde til ektepar. Eg vil minna dykk om kor stor og viktig ei hending det er at to menneske vel å leva saman i ekteskap. Når de går inn i ekteskapet, lovar de kvarandre samhald og støtte i alle livsens tilhøve, både i medgang og i motgang.

Men de lovar kvarandre meir:
Ekteskapet ber i seg at de lovar kvarandre kjærleik og truskap. Det å lova kvarandre kjærleik for resten av livet er den vanskelegaste lovnaden vi kan gje eit menneske. Det krev at de set dykk høge mål for samlivet, og at de har ærleg vilje i dag og i tida som ligg framfor dykk, til å strekkja dykk mot desse måla. Det er denne lovnaden de gjev kvarandre her i dag.

Når de gifter dykk, blir de ei eining, men de kjem framleis til å vera to sjølvstendige og jamstelte menneske. Det er ingen motsetnad mellom kjærleik og samhald på den eine sida, og fridom og sjølvstende på den andre. Kjærleik er og å syna vørdnad for kvarandre.

Det er ein rett eg har - men samstundes ei plikt som ligg på meg etter lova - at eg no skal leggja dykk to alvorleg på hjarta at de skal leva etter den lovnaden som de gjev kvarandre her.

Og no:
(vigslaren vender seg til kvinna i det heterofile paret eller den yngste personen i det homofile eller i det lesbiske paret)

spør eg deg fyrst, (det fulle namnet på kvinna eller den yngste personen):

Vil du ha (det fulle namnet på mannen eller den eldste personen i det homofile paret eller i det lesbiske paret), som står ved sida di, til ektemake?

(Når kvinna eller den yngste personen i det homofile eller lesbiske paret har svara ja, seier vigslaren til mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret):

Så spør eg deg, (det fulle namnet på mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret):

Vil du ha (det fulle namnet på kvinna eller den yngste personen i det homofile eller det lesbiske paret), som står ved sida di, til ektemake?

Når mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret har svara ja, seier vigslaren:

Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk.

Etter at vigselboka er underskriven og ekteparet har fått vigselattesten, ynskjer vigslaren dei til lykke.