Bålbrenning

Ring Alarmsentralen på 611 48 000 for å varsle bålbrenning.

Då kan unødvendige utrykninger unngås

Generelle reglar for bålbrenning i Vestre Slidre kommune:

  1. Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føra til brann.
  2. Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillatt. Slikt avfall skal leverast til godkjent deponi.
  3. Små mengder hageavfall kan brennast, men må ikkje innehalda forbruksavfall, plast o.l. Utanom perioden 15.09.-15.04. må ein søkja brannsjefen om løyve.
  4. Bråtebrenning og kaffibål i skog og utmark er berre tillatt i perioden 15.09. til 15.04.
  5. All brenning i mørke er ulovleg.
  6. Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføra krav om kostnadsdekning frå kommunen.