Plassering og innmåling av tiltak (bygningsutsett og beliggenheitskontroll)

Tenesta vert levert i konkurranse med privat næringsliv. Oppdragsgivar står fritt i å velja leverandør.

Vi kan hjelpe deg med plassering og innmåling av tiltak. Vestre Slidre kommune, ved oppmålingsavdelinga, har sentral godkjenning innan fagområda «Oppmålingsteknisk prosjektering» og «Utstikking og innmåling av tiltak», båe i tiltaksklasse 1.

Vi kan ta på oss:

  • Oppdrag med ansvarsrett i tiltaksklasse 1
  • Plassering av tiltak utan ansvarsrett
  • Innmåling av tiltak utan ansvarsrett

Kva dette kostar i 2021:

Vi har ein fast pris på oppdrag med ansvarsrett innanfor kommunen på kr. 5.000,- eks. mva.

For plassering utan ansvarsrett og innmåling utan ansvarsrett kostar det kr. 2 150,- eks.  mva. pr. teneste. For oppdrag utanfor kommunen  kjem reisetida i tillegg på kr. 926,- pr. time eks. mva. og  reiseutgifter etter Statens satsar. Skal vi utarbeide situasjonskart med profilar etc. kjem eit tillegg på kr. 1 600,- eks. mva.

 

Slik sender du ein forespørsel:

Fyll ut skjema «Forespørsel om utstikking og innmåling av tiltak» og send inn til kommunen saman med vedlegg. (e-post: lars.brestad@vestre-slidre.kommune.no)

  • Ved oppdrag med ansvar etter plan- og bygningslovas § 23-6: Prosjekterte tegningar og situasjonsplan.
  • Ved andre oppdrag utan ansvarserklæring: Tillatelse, godkjente tegningar, godkjent situasjonsplan.

Kontaktinfo

Lars Brestad
Oppmålingsingeniør
E-post
Telefon 61 34 50 21
Mobil 916 93 139

Adresse

Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16
2966 Slidre