Eigedomsskatt i Vestre Slidre

Frå 1.januar 2015 er det eigedomsskatt i heile Vestre Slidre kommune. Dette etter vedtak i kommunestyret, sak K-071/13 (budsjett 2014).

Offentleg ettersyn

Eigedomsskattelistene blir lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker, frå 1. mars kvart år. Skattelistene er tilgjengeleg for alle, og ligg på servicetorget på Slidretun og her på heimesida.

Klagefrist

Klagefristen er sett til 6 veker frå det tidspunktet eigar mottar faktura på eigedomsskatt for 1.termin. Eventuell klage må fremjast skriftleg til eigedomsskattekontoret.

Takst

Taksten på eigedomen gjeld til neste alminnelege taksering, som normalt blir gjennomført kvart tiande år. Det er sakkunnig takstnemnd i kommunen som fastset takstane. Klager på taksten blir behandla av sakkunnig klagenemnd.

Skatt

Fastsetting av eigedomsskatten skjer på grunnlag av eigedomsskattetaksten.

Størrelsen på eigedomsskatten skal vedtakast av kommunestyret for eitt år om gongen, og kan vere mellom 2 og 7 promille(‰) av fastsett takstgrunnlag. 

Næringseigedomar og verk og bruk:   7‰

Bustad og fritidsbustader: 4‰

Kor mykje må eg betale i eigedomsskatt?

 

 

Ny taksering eiendomsskatt i 2024.

Vestre Slidre kommune vil gjennomføre nye alminnelig taksering i henhold til reglane i Lov om eiendomsskatt. I 2024 vil alle eigedomar i kommunen bli taksert på nytt. Dei nye takstane blir gjeldande fra 2025.

Ny sakkunnig nemnd frå 19.10.2023

Leiar: Ola Haugrud, nestleiar; Ingvild Hovrud, medlem; Henrik Skattebo, varamedlemmer; Olav Rødningen, Audun Myrvold og Knut Kjøs Egge
kontakt leiar; ola.haugrud@vestre-slidre.kommune.no

 

Spørsmål om eigedomsskatt eigedomsskatt@vestre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Anita Grythe
1.sekretær Personal, Service og Kommunikasjon, Valansvarleg og eigedomsskatt
E-post
Mobil 41 92 76 29