Dispensasjonar

Dispensasjon er et verktøy i plan- og bygningsloven som skal muliggjere at tiltak kan gjennomføres sjølv om dei er i strid med gjeldande plan for området. Det kan gis dispensasjon frå både vedtatte reguleringsplanar og frå kommuneplan. Det skal ikke vere lett å få dispensasjon, og det er eit krav at dei samfunnsmessige fordelane skal vere klart større enn ulempene før ein kan gi dispensasjon. Dispensasjon er regulert i plan- og bygningsloven kap. 19

Unntak

Dersom det omsøkte tiltaket er fornuftig og noko kommunen kan gi løyve til, er det som oftast betre med ei mindre endring av reguleringsplan enn å gi dispensasjon. Saksbehandlingstid og saksbehadnlingsgebyr er like for mindre reguleringsendring og dispensasjon.

Dispensasjon, derimot, skal vere unntak. Det vil seie at det skal føreligge noko heilt spesielt i den aktuelle saka. Eksempel er spesiell arkitektonisk utforming på bygg eller at det er heilt spesielle forhold ved aktuell tomt. 

Høyring

Dispensasjonssaker må ut på høyring. Høringspartane vil da være direkte berørte partar (naboer etc.), samt statlige og fylkeskommunale myndigheiter dersom deres forvaltningsområde blir berørt. 

Behandlingsfrist

Søknadar om dispensasjon har ei saksbehandlingsfrist på 12 veker pluss den tida saken eventuelt er på høyring. Dette betyr at ein bør planlegge i god tid før ein skal iverksette et tiltak dersom man er avhengig av ei dispensasjonstillatelse.

Søknadar om dispensasjon fremmes skriftlig i form av brev til kommunen. I søknaden bør man beskrive tiltaket så presist som mulig, og sende med nødvendige vedlegg som byggeteikningar, situasjonskart osb.