1. Kommunen si oppfølging og plan
Kommunen har no etablert ein tydeleg praksis for korleis handlingsrommet for utvikling og gjenverande kapasitet i dei ulike nedbørsfelta skal forvaltast, i tråd med føringar frå Statsforvaltaren:
- Det er sett eit tak på nye utsleppsløyve per nedbørsfelt, og desse ligg godt innanfor den berekna kapasiteten
- Kommunen fører eit løpande rekneskap over gjenverande kapasitet
- Det vert praktisert eit strengt føre-var-prinsipp i all saksbehandling
- Kvar søknad vert vurdert enkeltvis og må oppfylle krava i gjeldande lov- og regelverk
Kommunen stiller høge krav ved vurdering av nye søknader. Dette er nødvendig for å sikre at kommunen held seg innanfor rammane av kva resipientane toler, samstundes som tilsyn og opprydding reduserer den samla belastninga frå utslepp frå private avløpsanlegg.
For at ein søknad skal kunne godkjennast, må det vere godt dokumentert og utan vesentleg tvil at:
- Avløpsanlegget er korrekt prosjektert og dimensjonert
- Vald løysing er eigna for dei konkrete forholda på eigedomen
- Naudsynte grunnundersøkingar er gjennomførte og dokumenterte
- Anlegget vil oppnå påkravd reinsing over tid
- Søknaden er komplett
Dersom det er manglar i dokumentasjonen, eller det er tvil om anlegget vil oppnå tilstrekkeleg reinseeffekt, vil søknaden bli avslått. I slike tilfelle må det veljast alternative løysingar.
Kommunen legg til grunn at prosjektering skal vere utført av nøytral fagkyndig med relevant kompetanse, og at vurderingane som vert gjorde er fagleg godt grunngjevne og etterprøvbare.
Det vert ikkje opna for løysingar som er svakt dokumenterte eller der det er usikkerheit knytt til funksjon og reinseevne.
1.1 Val av løysing og krav til reinsing
For nye utslepp i dei aktuelle nedbørsfelta er det krav om høg reinseeffekt, særleg for fosfor. Det er lagt til grunn eit krav om minst 90 % reduksjon av fosfor, jf. resipientvurderinga og føringar frå Statsforvaltaren, samt forureiningsforskrifta kapittel 12.
Det avgjerande for kommunen si vurdering er at det er tilstrekkeleg dokumentert at den valde løysinga vil oppnå påkravd reinsing over tid.
Kommunen vil vurdere kvar søknad konkret. Val av løysing må vere basert på faglege vurderingar av dei lokale forholda på eigedomen, og det må vere samsvar mellom prosjektering, grunnforhold og forventa funksjon.
Minireinseanlegg med etterpolering er i mange tilfelle ein aktuell løysing, fordi:
- Anlegga har dokumentert reinseeffekt gjennom uavhengig testing
- Reinseevna er stabil og føreseieleg, føreset at drift og vedlikehald vert gjennomført i tråd med krav og produsentens spesifikasjonar
- Det er krav til drift og serviceavtale med godkjend firma, som sikrar oppfølging over tid
Andre løysingar, som infiltrasjonsanlegg, kan også oppnå høg reinseeffekt, men dette føreset at:
- Grunnforholda er eigna
- Det er gjennomført tilstrekkelege undersøkingar
- Løysinga er korrekt prosjektert og dimensjonert
For slike løysingar vil det vere særleg viktig med grundig dokumentasjon av at anlegget vil fungere tilfredsstillande over tid.
Fellesløysningar mellom fleire eigedomar, bør vurderast der dette er mogleg, fordi:
- Det gir betre drift og oppfølging
- Dei kan gi meir stabil reinseeffekt
- Kostnadane blir lågare over tid
- Dei gir betre kontroll med samla utslepp
I område med svært avgrensa kapasitet vil det bli lagt avgjerande vekt på løysingar med dokumentert og stabil reinseeffekt.
1.2 Tilsyn og opprydding i eksisterande anlegg
Samtidig som det vert opna for behandling av eit avgrensa tal nye søknader, vil kommunen prioritere tilsyn og opprydding i eksisterande avløpsanlegg.
Dette inneber at kommunen vil:
- Intensivere tilsynet med eksisterande avløpsanlegg
- Følgje opp avvik og påleggje nødvendige utbetringar
- Arbeide systematisk for å redusere belastninga frå eksisterande utslepp
Redusert belastning frå eksisterande anlegg er ein føresetnad for å kunne utnytte det avgrensa handlingsrommet vi i dag har for nye utslepp.
1.3 Viktig informasjon til tiltakshavarar og prosjekterande
Det er svært viktig at søknader som vert sendt inn held høg fagleg kvalitet og er utarbeidd av fagkyndige med rett og dokumentert kompetanse.
Kommunen har erfart at det tidlegare har vore varierande kvalitet på søknader. Med dagens situasjon og avgrensa kapasitet er det ikkje rom for denne typen usikkerheit. Det er ikkje ein rett å få utsleppsløyve, og kvar søknad vert vurdert konkret innanfor gjeldande regelverk og tilgjengeleg kapasitet.
Tiltakshavarar og prosjekterande må rekne med at:
- Krava til dokumentasjon er høge
- Vurderingane vert gjort etter føre-var-prinsippet
- Mangelfulle eller usikre løysingar ikkje vert godkjende
- Grunnforholda ikkje alltid ligg til rette for avløpsløysingar med utslepp, og at det i slike tilfelle må vurderast alternative løysingar, til dømes forbrenningstoalett
Kommunen tilrår at det vert lagt tilstrekkeleg arbeid i grunnundersøkingar, prosjektering og dokumentasjon før søknad vert sendt inn.
Det vert også vist til informasjonen på kommunen si nettside om krav til søknader og val av avløpsløysingar. Denne sida er oppdatert for å tydeleggjere gjeldande praksis, og skal leggjast til grunn ved utarbeiding av søknader.
2. Status i nedbørsfelta
Det er ulik restkapasitet i resipientane som er vurderte i resipientvurderinga. Eit viktig poeng er at utslepp oppstrøms reduserar restkapasiteten i resipientar som ligg nedstrøms, sidan påverknadane følger vassdraget. Difor er det berekna restkapasitet for kvar enkelt resipient.
Kommunen er juridisk forplikta til å hindre forringing av vassførekomstane, jf. vassforskrifta kapittel 2. Etter § 4 skal alle resipientar ha minst god miljøtilstand, og det er ikkje lov å forringe ein resipient til ei lågare tilstandsklasse.
2.1 Dette betyr i praksis:
- Svært god → God tilstand: ikkje tillate, dersom utsleppet fører til forringing.
- God → Moderat tilstand: ikkje tillate.
- Moderat tilstand: har ingen restkapasitet før tilstanden er forbetra.
Dette betyr at sjølv ein resipient med svært god tilstand, men som ligg på vippen til god, har svært avgrensa restkapasitet. Eit lite auke i belastning kan føre til at tilstanden fell til god, noko som ikkje er tillate. Samstundes kan resipientar som ligg trygt innanfor god tilstand, ha noko meir handlingsrom så lenge tilstanden ikkje står i fare for å falle.
Eit konkret døme er Søre Syndin, som i dag har moderat tilstand. Her er restkapasiteten lik null, sidan miljømålet er minst god tilstand. Her kan ikkje nye utslepp tillatast. Eit anna døme er Krokåni, som har svært god tilstand, men ligg nær grensa til god. Her er kapasiteten svært avgrensa fordi det er risiko for at tilstanden forringast til ei lågare klasse.
Handlingsrommet for nye utslepp avheng difor av om resipienten kan haldast innan same tilstandsklasse utan å forringast, og kommunen må jobbe etter føre-var-prinsippet. Forringing innanfor ei klasse kan i nokre tilfelle vere mogleg dersom den ikkje påverkar tilstandsklassifiseringa, men kommunen må uansett sikre at resipientane blir forvalta slik at tilstanden ikkje blir dårlegare, og helst forbetra over tid.
Dette er bakgrunnen for den strenge praksisen kommunen legg til grunn ved behandling av nye søknader.
Resipientrapport og handlingsplan:
2.2 Midtre Syndin
Midtre Syndin nedbørsfelt - NVE (REGINE)Midtre Syndin er sårbar for auka belastning, og restkapasitet for nye utslepp fordelast mellom Vang og Vestre Slidre kommune.
Statsforvaltaren har lagt til grunn at bekkane som drenerer til innsjøen ikkje toler auka belastning. Vidare utvikling er difor berre mogleg dersom ein kan dokumentere at utsleppa ikkje belastar desse resipientane.
Kommunen har sett eit tak på nye utsleppsløyve godt innanfor berekna kapasitet. Samstundes vil tilsyn og opprydding i eksisterande anlegg bli prioritert for å redusere samla belastning.
Eigedomar knytte til mellom anna Sandodden etterpoleringsanlegg og Midtre Syndin reinseanlegg er ikkje påverka, då desse anlegga, med tilhøyrande tal moglege tilkoplingar, allereie er medrekna i kapasiteten og allereie har utsleppsløyve.
- Fritidsbustadar som skal knytast til Midtre Syndin reinseanlegg, treng ikkje sende søknad om utsleppsløyve. Kommunen krev likevel at det blir sendt inn dokumentasjon på godkjend tilknyting til reinseanlegget.
- Fritidsbustadar som skal knytast til Sandodden etterpoleringsanlegg, må søkje om utsleppsløyve for minireinseanlegg, då dette anlegget føreset slik løysing.
2.3 Nørdre Syndin
Nørre Syndin - NVE (REGINE)Nørdre Syndin er sårbar for auka belastning, og restkapasitet for nye utslepp fordelast mellom Vang og Vestre Slidre kommune.
Statsforvaltaren har lagt til grunn at bekkane som drenerer til innsjøen ikkje toler auka belastning. Vidare utvikling er difor berre mogleg dersom ein kan dokumentere at utsleppa ikkje belastar desse resipientane.
Kommunen har sett eit tak på nye utsleppsløyve godt innanfor berekna kapasitet. Samstundes vil tilsyn og opprydding i eksisterande anlegg bli prioritert for å redusere samla belastning.
2.4 Søre Syndin
Søre Syndin - NVE (REGINE)Søre syndin har i dag moderat tilstand, og difor ingen kapasitet for nye utslepp til resipienten. Kommunen vil i dette området prioritere tilsyn og opprydding i private avløpsanlegg, i tråd med handlingsplanen for spreidde avløp.
Søre Syndin har moderat tilstand og ingen kapasitet for nye utslepp. Området er difor omfatta av byggjestopp.
2.5 Krokåni (nedstrøms Søre Syndin)
Krokåni - NVE (REGINE)Krokåni har svært begrensa kapasitet for nye utslepp.
For nedbørsfelt Krokåni har kommunen sett eit avgreinsa tak for nye utsleppsløyve, for å sikre at belastninga ikkje overstig den berekna kapasiteten.
Som for dei andre nedbørsfelta, vil det også her prioriterast tilsyn og opprydding i eksisterande anlegg for å sikre at desse tilfredsstiller reinsekrava.
2.6 Vasetvatnet (nedstrøms Krokåni)
Vasetvatnet - NVE (REGINE)Vasetvatnet har ei avgrensa kapasitet for nye utslepp. I dette området vil tilknyting til offentleg VA og opprydding i eksisterande anlegg, i tråd med handlingsplanen vere prioritert av kommunen.
2.7 Sundheimselva (nedstrøms Vaset RA)
Sundheimselva får avrenning frå alle resipientane oppstrøms heilt frå Søre Syndin. Oppgradering og tilkobling til Vaset reinseanlegg og god kontroll med avløpsløysingane oppstrøms, vil difor vere avgjerande for den gjenverande kapasiteten i området.
3. Kvifor er avløpsanlegg viktige for miljøet?
Det er fleire kjelder til næringsstoff i eit nedbørsfelt, naturleg avrenning, beitedyr, jordbruk og private avløpsanlegg. Nokre peikar difor på at avløpsanlegg ikkje er den største bidragsytaren. Dette er forståelege spørsmål, men det er viktig å sjå heile bilete og usikkerheitane som ligg til grunn.
Sjølv i eit naturleg system med noko avrenning frå jord og beite, kan små ekstra mengder næringsstoff vere nok til å tippe balansen, særleg i sårbare resipientar. Dette er grunnen til at vannforskrifta krev at vi ikkje skal forringe tilstanden i ein resipient, sjølv om han allereie ligg innanfor god. Ein liten auke kan gje eit stort utslag i små eller sårbare innsjøar.
Vannforskrifta har juridisk bindande miljømål om at resipientar skal ha minst god tilstand, og forringing er ikkje tillate. Det betyr at kommunen ikkje kan opne for nye utslepp dersom det bidreg til at ein resipient får dårlegare tilstandsklasse, sjølv om andre kjelder også speler ei rolle. Dette er ikkje eit val kommunen tek, men det er ei plikt.
Kommunen kan ikkje styre verken nedbørsmengder eller all naturleg avrenning. Men kommunen er forureiningsmyndigheit for alle avløpsanlegg under 50 pe (forurensningsforskrifta kap. 12), og har plikt til å både føre tilsyn og hindre forureining frå avløp.
Det gjer avløp til eit av dei mest konkrete og effektive områda der kommunen faktisk kan gjere tiltak som reduserar belastninga.
Tiltak som oppgradering til betre reinseteknologi eller tilkopling til offentleg avløp vil gi ei positiv effekt for resipientane. Når gamle anlegg blir fjerna eller oppgradert, gir dette både eit tydeleg betre dokumentasjonsgrunnlag der det i dag er manglar, og ein klar reduksjon i utslepp til vassdraga.
Ved å hindre at forureining når fram til resipientane, bidreg desse tiltaka direkte til å forbetre tilstanden i vassdraga. For sårbare vatn er dette eitt av dei mest effektive verkemidla kommunen har for å hindre forringing og styrkje vassmiljøet over tid.
Fleire resipientar i rapporten ligg i god eller svært god tilstand, men med låg restkapasitet. Det betyr at dei er på vippen til å falle ned i ei dårlegare tilstand. Vannforskrifta forpliktar kommunen til å hindre slik forringing.
Opprydding etter forringing krev:
- langt meir omfattande og inngripande tiltak
- meir ressursbruk
- dårlegare vilkår for både natur og næringsliv
Difor legg kommunen til grunn eit føre-var‑prinsipp, slik forskrifta krev.
Kommunen er forureiningsmyndigheit for mindre avløpsanlegg, jf. forureiningsforskrifta kapittel 12.
Kommunen har justert informasjonen på denne sida for å forhindre misforståingar. Om du har fått annan informasjon tidlegare, er det denne sida som gjeld.