Psykososialt kriseteam (kriseteam) er eit tverrfagleg team som yter psykososial førstehjelp ved kriser, ulykker og katastrofer. Det kan dreie seg om alvorlege, dramatiske og traumatiske hendingar som til dømes ved sjølvmord, ulykke eller drap, brå og uventa død, brå og uventa trussel på liv og helse.
Kven kan få hjelp?
Alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen kan få hjelp og støtte av kriseteamet. Det gjeld både den eller dei som er direkte berørte, pårørande eller vitne til hendelser. Psykososialt kriseteam er eit gratis lavterskeltilbod utan krav om søknad.
Målet med psykososialt kriseteam er:
Å bidra til at ramma og berørte enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte dei første timane og dagane i etterkant av ei traumatisk hending. Kriseteamet har fokus på å normalisere livssituasjonen, mobilisere nettverk og å forebygge at traumatiske hendingar utvikler seg til psykiske langtidsskader.
Teamet sørger for nødvendig oppfølging fram til ordinære tjenester kan overta.
Korleis kan ein få hjelp av kriseteamet?
Kriseteamet kan aktiverast av kommunens ledelse, legevakt, brannvern eller politi. Du kan sjølv ta kontakt med legevakt 116 117 om det er behov for psykososialt kriseteam.