Vestre Slidre helsetun består av 20 institusjonsplassar fordelt på tre avdelingar. Vi har kort- og langtidsplassar, rehabilitering og avlastningsplassar.
Vi har og 12 heildøgnbemanna omsorgsboligar fordelt på to avdelingar, desse er for menneskjer med kognitiv svikt og/eller alderspsykiatri.
Heimelaga mat
Helsetunet har eige kjøkken, som også har kantinedrift alle kvardagar, samt catering. Eldre som bur heime kan få tilkjørt mat ved å søke om tenesta frå tildelingskontoret.
Kantina er open for alle.
Søke plass
Søknad om plass på helsetunet går via inntaksteamet, som består av ein frå tildelingskontoret, leiar/fagsjukepleier i pleie og omsorg, og leiar/fagsjukepleier på helsetunet.
Søknadsskjema finner de under «tildeling» eller søknadsskjema