Aktiv heile livet!

Kvardagsrehabiliteringsteamet i Vestre Slidre har no arbeidd med kvardagsrehabilitering eitt år, og har sett teorien ut i praksis. Til no har fire brukarar fått kvardagsrehabilitering, auka si sjølvstendigheit og livskvalitet.

Brukarane har hatt ulike mål med rehabiliteringa. Mellom anna å handle på butikken, hente post eller å bli trygg nok til å dusje på eigenhand. Med den intensive treninga som kvardagsrehabiliteringsteamet gjev over 4-6 veker, ser vi stor forbetring i funksjon og sjølvstendighet. Nyleg hadde teamet ein brukar som gjekk frå ein svært passiv tilværelse til sjølv å koma seg til butikken for å handle. Brukaren sjøl er svært fornøygd med det han har oppnådd, har fått betre sjølvtillit og ein meir innholdsrik kvardag. #Aktivheilelivet