Barkebillerapport for juni!

Vestre Slidre kommune deltek i årets barkbilleregistrering. Dette blir gjort for å samanlikne bestanden av granbarkbiller frå år til år.

Det er sett ut 4 feller for å fange biller.  Etter 2 tømmingar i år  har fangsten så langt vore liten og mindre enn frykta. Dette kan vi truleg takke det kalde og fuktige været for. Det er frykta oppblomstring av barkbiller etter fjorårets rekordvarme og tørke. Skogbruksnæringa er derfor i beredskap om dette skulle slå til. Biletet viser dei 4 fellene på hogstflata.

Klikk for stort bilete