Barnehage- og skuleåret 2025 – 2026: Viktig informasjon om søknad om plass i barnehage, SFO, kulturskulen, og innskrivingSkal du søke eller endre plass i barnehage, SFO eller kulturskulen neste barnehage-/skuleår? Er du foreldre eller føresett til eit barn født i 2019 som skal starte på skulen i august 2025? Her kan du lese meir om dei ulike ordningane og kvar du skal søke. Barnehageplass 2025 – 2026 Alle som ynskjer barnehageplass eller endring av plass må søke elektronisk.Link til søknadsskjema, vedtekter og informasjon om barnehagane.Søknadsfrist til årets hovudopptak: 1. februar 2025Innskriving av elevar i 1. klasse Barn fødd i 2019 skal starte i 1.klasse hausten 2025. Barn og føresette er velkomne til innskriving ved Vestre Slidre skule tysdag 4. februar. Alle vi er kjende med gjennom barnehagane får brev om tidspunkt. Andre må ta kontakt med skulen på telefonnr. 61 34 51 10.Hugs å ha med opplysningar om personnummer til innskrivinga. Dersom nokon ikkje kan møte, ta kontakt med skulen. SFO-plass 2025 – 2026 Det blir SFO - tilbod før og etter skuletid, samt feriar, dersom det er min. 5 barn påmeldt. Alle som ynskjer SFO-plass eller endring av plass må søke elektronisk. Link til søknadsskjema og informasjon om SFO tilbodet.Søknadsfrist for SFO-plass: 1. april 2025Kulturskule 2025 - 2026 Søknadsfrist i kulturskulen: 7. april. Påmeldinga opnar 7. mars. Link til søknadsskjema og informasjon om kulturskulen.Elevar som vil slutte på eit tilbod bes melde frå om dette innan 7. april.Redusert foreldrebetalingHusstandar med låg inntekt kan søke om redusert foreldrebetaling i kulturskule, barnehage og SFO. Link til informasjon om og søknadsskjema redusert foreldrebetaling kulturskulenLink til informasjon om og søknadsskjema redusert foreldrebetaling barnehagenLink til informasjon om og søknadsskjema redusert foreldrebetaling SFO Sist endra 10.01.2025 13.14