Den nye Kapteinen på Gilje

Ser du ei ung jente ved Grønsennknippa i Vestre Slidre som står og kallar på Randi, er det nok Synnøve Onstad Hjelle (27 år) du har treffe på.

For ordens skyld: Randi er ei ku.

Det er «kosen med å ha dyr som er viktigast – og å halde garden i hevd», seier Synnøve Onstad Hjelle (27)

Allereie som 10-åring visste Synnøve at ho ville ta over slektsgarden Gilje som Jonas Lie skildrar i Familien på Gilje. Men mykje har skjedd sidan 1883. Garden er delt i fire og kapteinen er ikkje Jæger, men ei ung jente som ikkje lar seg lokke inn i ekteskap av fornuftsomsyn eller vektlegg prestisje og sosial status. Dagens kaptein er ei oppegåande, mild jente som brenn for landbruk og dyrevelferd. «Draumeprinsen får komme når det passer seg slik», smilar ho.

Det viktigaste for Synnøve er at dyra har det bra. Ho får dei som spedkalvar så ho veit kor dei kjem i frå. «Med så store dyr er det viktig å vite korleis dei har hatt det», seier ho. «Det merkast om dyra ikkje har hatt det bra». Synnøve tilbringar mykje tid i fjøset, kor ho koser på- og pratar med dei fir-beinte venane sine. Alle har namn. Bjøllekua Dorte er ekstra glad i kos og strekker halsen høgt mot himmelen mens Synnøve stryk henne. Sidan mjølkekvota på garden ble selt, er det ammekyr Synnøve har. Men ho vil gjerne kjøpe kvote igjen når prisane går ned, for å kunne selje mjølk i tillegg til kyr – og for å styrke næringsgrunnlaget på garden.

Synnøve har – i tillegg til to hestar, hund og katt – 21 dyr med stort og smått. 11 av desse skal kalve. Det er litt logistikk, med 14 ammekyr og 6 ungdyr i spaltebingen. Fjøset er ikkje stort, men med regelverket som gjeld i dag, har ho plass til nokre kalvar til. Kanskje vil ho ha sauer etter kvart òg. Men «eg har ingen ambisjon om å drive stort. Det har eg ikkje gard til», seier ho. Sytten mål rekk ikkje til meir og ho vil ikkje leige meir jord enn det ho gjer i dag. Og «kjøpejord er det ikkje lett å få tak i her i Vestre Slidre». Med dagens besetning er ho avhengig av å leige jorda på nabogardane, i Røn, samt «nokre lappar her og der».

«Synnøve tenkjer heilt riktig».

For å leggje til rette for betre drift, er Synnøve i gang med oppussing av fjøset. Med stønad frå kommunen og Innovasjon Noreg, har ho hatt råd til å gjere om fjøset til laus-driftsfjøs med spaltegolv. Dette synast ho er bra for dyra, og det er veldig mykje meir lettvint. Planane for vidare oppussing er store, men ho vil ta ein ting av gongen for å sikre at ho ikkje tek seg vatn over hovudet, korkje økonomisk eller praktisk. «Synnøve tenkjer heilt riktig», seier Anne Marie Mørstad på landbrukskontoret i Vestre Slidre. «Ho startar ikkje med å kjøpe ny traktor, men med å sikre at dyra har det bra – med avling, fjøset og gode beiteområder». Synnøve har mellom anna gjort veldig gode grep på stølen på Grønsenn for å leggje til rette for godt beite.

Synnøve bidreg til å auke talet på ammekyr-besetningar i Vestre Slidre – eit tal som allereie er i vekst – og motarbeider den negative trenden med dyr på utmarksbeite. Synnøve ser opp mot den store skogen bak garden og påpeiker viktigheten av å oppretthalde landbruket og sikre beite på sikt. «Elles gror det jo att overalt», seier ho. Jenta påstår ho ikkje er hendig, men ho gjer mykje på garden sjølv – og hogger heller trær enn å sitte i sofaen på kveldane.

Arbeidsjente med trivsel i fokus

Familien til Synnøve går heilt tilbake til familien på Gilje. I 2017 var den 27-år gamle jenta frå Aurdal klar til å ta over slektsgarden etter bestefar. Som sine forgjengarar har jenta korkje tid eller lyst til å kvile. Ved sidan av gardsdrifta arbeidar ho som regnskapsførar i Slidre rekneskap, med fleksible dagar og heimekontor to dagar i veka for å få kabalen til å gå opp. Det er trivsel som har mest å bety for Synnøve. Det er «kosen med å ha dyr som er viktigast – og å halde garden i hevd», seier ho.

På sumaren går dyra i utmark rundt Grønsenn. Sidan dei er vand med mykje kjærleik står dei ofte i stien opp mot Knippa for å helse på folk på tur. Og Synnøve er ofte i området for å besøkje dei. «Har dei det bra, føler eg at eg har gjort jobben min,» seier den sjarmerande gardsjenta.

«Frå Hjelle i Valdres» av J.C. Dahl, malt i 1851. Bildet henger i dag på Nasjonalmuseet.