Endeleg løysing i bårehussaka

Kommunestyret i Vestre Slidre vedtok i dag bygging av ei nytt bårehus og kyrkjestogo. Vedtaket kjem i stand etter at «Knut Lahaug sin stiftelse for bårehus/kyrkjestogo» bidreg med ca 1,9 mill og kommunen bevilger dei resterande 2,5 mill for å byggje eit hus bestående av bårehus, kyrkjestogo samt eit teknisk rom for sprinkleranlegg i Slidredomen. Knut Lahaug sin stiftelse vart oppretta for 18 år sida og styret i Stiftelsen ved leiar Margit Bratvold og ordførar Haldor Ødegård er noe svært glade for å kunne si at no blir bygge realisert.

Kyrkjeleg fellesråd ved kyrkjeverje Veslemøy Kvamme er glade for at nytt bårehus og kyrkjestoge no blir ein realitet. Bårehuset har hatt behov for oppgradering ei stund. Kyrjestoga vil bli eit kjærkoment rom for både konfirmantundervisning, samlinger for born og unge og til bruk for minnesamvær og mindre selskap.

Noverande bårehus vil bli reve og nytt bygg satt opp omtrent på same staden som det noverande.

Styreleiar i Knut Lahaug sin stiftelse for bårehus/kyrkjestogo Margit Bratvold t.v og ordførar Haldor Ødegård.