Endra føresegner for hytter i støls- og fjellområda til uttale

Vi legg med dette forslag til endring av arealdelen til kommuneplanen ut til uttale. Uttalefristen er 31. mai 2024.

I sak 41/24; Samordning av reglar mellom sæl og hytter i stølsområda, gjorde kommunestyret slikt vedtak:
«Kommunestyret ber om at det blir varsla oppstart av ei endring av arealdelen med mål om at føresegnene for hytter i bestemmelsesområde #2 blir innskjerpa i områda som framstår som stølslandskap.»

Bakteppet er:

  • Støls- og fjellområda i Vestre Slidre er verdifulle kulturmiljø. Føresegnene for hytter i desse områda kan vurderast som at dei sikrar kulturmiljøet i for liten grad.
  • Vestre Slidre fjellstyre, som forvaltar landbruksbygg, har ein strengare praksis for sæl enn føresegnene i arealdelen opnar for når det gjeld hytter. Dette blir opplevd som urimeleg.

Med dette legg vi endringar i føresegnene for hytter i stølsområda ut til uttale. Når vi først foreslår endringar, foreslår vi også ei tilvising til byggeskikkrettleiar og endringar knytt til terrengendringar i byggeområda for hytter generelt.

Prosess

Det er to alternative prosessar for å innarbeide dei endra føresegnene:

Alternativ 1 er mindre endring i samsvar med plan- og bygningslova § 11-17, 2. og 3. punktum. Prosessen er då:
1.    Saka blir forelagt berørte myndigheiter (prosessen som foregår no)
2.    Vedtak i formannskapet/kommunestyret

Alternativ 2 er full planendring:
1.    Varsel om oppstart
2.    Politisk behandling om utlegging til offentleg ettersyn
3.    Utlegging til offentleg ettersyn
4.    Vedtak i formannskapet/kommunestyret

Vi legg i utgangspunktet opp til alternativ 1 i denne saka.  Men dersom det i denne høyringsperioden kjem inn nye moment som tilseier at saka bør handsamast som full planendring, jf. alternativ 2, er denne kunngjeringa å betrakte som varsel om oppstart.

Endringsforslaget

Gjeldande føresegner er å finne her, trykk ved «Se gjeldende bestemmelser».

Her (PDF, 351 kB) er relevant utdrag frå føresegnene med foreslåtte endringar. Tekst som er foreslått teke ut er gjennomstreka og raud og foreslått ny tekst er blå.

Endringar i bestemmelsesområde #2

Føresegna i pkt. 2.2.3.1-1c gjeld for bestemmelsesområde #2.

Bestemmelsesområde #2 i gjeldande plan vist med skravur

Hovudgrepa er at vi foreslår ei begrensing i storleik av enkeltbygg på 88 m2 BYA og at mønehøgda ikkje kan overstige 4,5 m. I gjeldande plan er mønehøgda 5,0 m og det er ingen begrensing i storleik av enkeltbygg ut over den samla begrensinga på 110 (146-36) m2  BYA. Vi foreslår også at fylling over 1 m blir forbode og at farger skal vere i samsvar med tradisjonen i aktuelt stølsområde.

I førre arealdel hadde hyttene i støls- og fjellområda følgjande begrensing: «…der bebygd areal på kvart hyttefeste ikkje skal overstige T-BRA = 80 m2, og mønehøgde over gjennomsnittleg planert terreng skal ikkje overstige 4,5 meter.» Forslaget vidarefører dette når det gjeld enkeltbygg; 80 m2 BRA tilsvarar omtrent 88 m2 BYA. Men forslaget er noko meir liberalt då samla bygningsmasse, inklusive sekundærbygg, kan bli opp til 110 m2 BYA.

Tre område blir teke ut frå bestemmelsesområde #2

Vi foreslår å innskrenke området ved å ta ut tre område i sør, ved Flydammen ved Veslevatnet og Baklie, jf. dette kartet (PDF, 268 kB). Dette er avgrensa område som framstår som hytteområde og som ligg skjerma i skog. Desse tre områda hadde eigne føresegner i arealdelen som galdt før noverande arealdel: «I LNF-område 3 (H36 (Baklia), H37 (Rislia) og H38 skal ikkje T-BRA overstige 100 m2». Når vi foreslår å ta desse områda ut av bestemmelsesområdet blir pkt. 2.2.3.1-1a føresegna som gjeld for desse områda.

Endra generell føresegn om terrengendring

1. og 2. kulepunkt under pkt. 2.2.3.1-3 i føresegnene og vedlegg 2 til føresegnene omhandlar terrengendring i byggeområda for hytter. Erfaringa er at desse punkta er vanskelege å tolke. Ved tomter der terrenget har helling på rundt 1:6 er dei vanskelege å handheve. Vi foreslår at desse to punkta og vedlegget utgår og blir erstatta med eit punkt som seier at høgare fylling enn 2 m ikkje er tillate. Vurderinga vår er at det er høgda på fyllingane som er viktig å styre. Når ein også har føresegn om maksimal grunnmurhøgd (pkt. 2.2.3.1-2) og at det skal vere tilnærma massebalanse (nest siste kulepunkt under 2.2.3.1-3), finn vi at eksteriør og terrengendringar på bratte tomter blir ivareteke like bra på ein meir forståeleg måte.

Uttaler

Uttaler til endringsforslaga (jf. forslaget til føresegner (PDF, 351 kB) og kart med områda som blir unnateke (PDF, 268 kB)) skal vere skriftlege og kan sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 31. mai.