Film om Gardbergfeltet

Kulturkontoret i Vestre Slidre kommune har laga ei filmsnutt om Garbergfeltet og Einangsteinen. Sjå filmen nederst på sia!

 

Gardbergfeltet er det gjævaste kulturmiljøet vi har i kommunen, især med tanke på Einangsteinen som regnast å vere den eldste runesteinen i Norden som står på sin opphavelege plass. Dei siste åra har vi gjort ein del forbetringar på Gardbergfeltet. Det er blant anna blitt satt opp nye skilt i samarbeid med fylkeskommunen, satt opp ei gapahuk sørvest på feltet, samt gjort en omfattande skjøtsel ved hjelp av folk og ikkje minst beitegeiter. Skålgropsteinen som ligg ovanfor bilvegen har fått både turskilt og informasjonstavle. Kulturhistorisk museum i Oslo fotograferte og laga ei 3D-modell av Einangsteinen i 2022

 

I den forbindelse har vi laga ei filmsnutt i samarbeid med ein lokal filmskapar, Jørn Nyseth Ranum. Hensikten er å skapa ei ny publikumsinteresse for Gardbergfeltet og Einangsteinen, med moglegheit for å oppdage dette historiske og kulturminnerike feltet på ny – spennande og lærerikt for både små og store.  

 

Ein stor takk til skodespelarane, i vilkårleg rekkefølgje: Ingrid Hovrud Haugen, Oscar Avendano Tvenge og Aurora Avendano Tvenge