Har du hugsa å søkje om ferdigattest?

Har du fått byggeløyve frå kommunen og utført byggearbeid på eigedommen din? For eksempel ny bygning, tilbygg, bruksendring eller privat avløpsanlegg? Då er det viktig å søkje om ferdigattest når arbeidet er fullført. 

Ein ferdigattest er ei offisiell stadfesting frå kommunen som dokumenterer at byggearbeidet er gjennomført i samsvar med byggeløyvet og gjeldande regelverk. Alle byggetiltak som er omsøkt etter 01.01.1998 skal avsluttast med ferdigattest. Mangelen på ferdigattest kan føre til juridiske og økonomiske utfordringar i framtida. Nokre av konsekvensane kan inkludere:

1.      Juridiske hindringar: Mangelen på ein ferdigattest kan hindre sal eller overføring av eigedommen. Det kan også føre til tvistar med naboar eller myndigheiter angående bygningens lovlighet. Det er ikkje bruksrett på eit søknadspliktig tiltak før kommunen har gitt ferdigattest eller mellombels bruksløyve. 

2.       Forsikringsmessige utfordringar: Forsikringsselskap kan krevje gyldig ferdigattest for å sikre eigedommen din. Mangelen på denne attesten kan i verste fall avgrense eller avbryte forsikringsdekninga på bygningen i eit skadetilfelle.

3.       Verditap: Eigedommen kan oppleva verdifall viss den ikkje har gyldig ferdigattest. Potensielle kjøparar eller ivestorer kan vera skeptiske til å investere i ein eigedom som ikkje har rett dokumentasjon.

For å unngå desse uønska situasjonane oppmodar vi sterkt alle som har gjennomført byggearbeid og ikkje søkt om ferdigattest, til å få dette i orden så snart som mogleg. Det er ein enkel prosess som kan gi deg tryggleiken og sikkerheita du treng for din eigedom.

Meir informasjon om ferdigattest er tilgjengeleg på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet: 

https://www.dibk.no/verktoy-og-veivisere/atte-steg-fra-ide-til-ferdig-soknad/stegene-fra-ide-til-ferdig-soknad/steg-8-skaffe-ferdigattest

Ta kontakt med byggesaksavdelinga i kommunen viss du har spørsmål. 

Gunnar Kværne Amundsen:
tlf: 908 55 432.  
epost: gunnar.kverne.amundsen@vestre-slidre.kommune.no

Frode Holløkken Lyngmo:
tlf: 469 03 177
epost: frode.lyngmo@vestre-slidre.kommune.no