Høgare kostnader kommunale gebyr - Vestre Slidre kommune

Høgare kostnader kommunale gebyr

Kommunale avgifter som vatn, avløp, septik og feiing vert rekna etter prinsipp om sjølvkost. Det vil seie at innbyggjarane skal betale det det kostar for kommunen å levera tenesta.

Generell prisvekst  var 6,9% i 2022  ifølgje konsumprisindeksen (KPI) frå Statistisk sentralbyrå. Både innbyggjarar og næringsliv har fått merka relativ høg prisvekst på varer og tenester i løpet av det siste året. Det same gjeld for kommunen, noko som får direkte effekt for sjølvkost-tenestene. Det kostar meir å tilby tenestene, noko som medfører høgare gebyr for innbyggjarane.

Prisutvikling på straum, petroleumsprodukt, stål og bygg-/anleggstenester har vore vesentleg høgare enn KPI i same periode. Dette er vesentlege for vatn og avløp. Renteauke medfører også høgare kapitalkostnader som påverkar kostnadsnivå for tenestene direkte.

Endringa i gebyra vart vedteke av kommunestyre i samband med handsaming av budsjettet den 16. desember 2022.