Hurra - Vi er Miljøfyrtårnsertifisert!

Kommunen har ifrå mai 2020 arbeida for å bli miljøfyrtårnsertifisert, og denne veka vart resultatet av arbeidet vårt gått gjennom av sertifisør frå Miljøfyrtårn, som godkjente Vestre Slidre kommune som ei miljøfyrtårnbedrift!

Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning drifta av stiftelsen Miljøfyrtårn, og er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Over 6900 verksemder i Norge er hittil sertifisert og me er glad for at Vestre Slidre kommune kan vere ein del av dette.

Vestre Slidre kommune tek samfunnsansvar når det gjeld korleis kommunen påverkar menneske, miljø og samfunn, og miljø er derfor eit prioritert satsingsområde for kommunen. Me ynskjer eit triveleg og trygt arbeidsmiljø for tilsette, og me skal ta vare på kommunen sine bygningar og materiell og hindre belastning på det ytre miljø. Kommunen er bevisst sitt ansvar som ein stor aktør i nærområdet, og ynskjer å gå føre som eit godt eksempel.

Kommunen har i første omgang valt hovudkontormodellen, det vil sei at det er tatt utgangspunkt i Slidretun. I dette ligg ei omfattande kartlegging på 51 punkt, som går på at kommunen skal både ha og kunne dokumentere gode rutinar på tema som; HMS, arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, estetikk og samfunnsansvar.

Som offentleg aktør er me pliktig til å ha det meste av dette på plass frå før av, og sidan fleirtalet av rutinane gjeld for heile kommunen, ser me at det er ein kort veg å gå vidare med underliggande einingar i neste omgang, då me veit at engasjementet for miljøarbeid er stort i fleire avdelingar, spesielt i einingar som gjeld barn og unge.

Vidare skal me årleg fylle ut ein miljørapport, og me lyt resertifisere oss kvart 3 år. Rapporten vil vere offentlig tilgjengelig på våre heimesider.

Av tiltak/målsetjingar kan blant anna desse nemnast; retningslinjer for tenestereiser der me har fokus på at tilsette i størst mogleg grad skal nytte digitale verktøy for møter og kurs for å unngå unødvendig reiseverksemd. I tillegg vil det bli innført søppelstasjonar på fleire av avdelingane på Slidretun, med kildesortering i fleire fraksjonar enn det det har vore tidligare. Me har også satt oss mål om eit lægre sjukefråvær sjølv om me i normale år har eit prosent som er tett opp til målet vårt for nærvær på arbeid, og auke andelen av miljømerka produkt/sertifiserte leverandørar når det gjeld dei varene  og tenestene me kjøper inn. Me har òg fokus på energisparande tiltak.

Klimarapport Vestre Slidre kommune hovudadministrasjon (PDF, 364 kB)