Influensavaksinering 2023

Vestre Slidre kommune tilbyr influensavaksinering i kantina ved Slidretunet (3.etage), onsdag 25.10.23  kl. 09-11.30 og kl. 12.30-14.30. Vaksinen kostar kr. 200,- og kan betalast med kort, vipps og kontant. 

Vaksinering tilrås desse gruppene årleg:

  • Alle fra fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko skal også få tilbud om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særlig barn født før uke 32 i svangerskapet, fra 6 måneder (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og voksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader) 
    • Personar som bur sammen med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
    • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levende griser

Bebuarar i omsorgsboliger og ved sjukeheimen får eige tilbod.