Informasjon om søknadsfristar til barnehage, skule, SFO og kulturskule

Barnehageplass 2022 - 2023

Alle som ynskjer barnehageplass eller endring av plass må søke elektronisk.

Link til søknadsskjema og informasjon om barnehagane ligg her.

Søknadsfrist til årets hovudopptak: 1. februar 2021

 

Innskriving av elevar i 1. klasse

Barn fødd i 2016 skal starte i 1.klasse hausten 2022. Barn og føresette er velkomne til innskriving ved Vestre Slidre skule tysdag 1. februar. Alle vi er kjende med gjennom barnehagane får brev om tidspunkt. Andre må ta kontakt med skulen på telefonnr. 61345110.

Hugs å ha med opplysningar om personnummer til innskrivinga. Dersom nokon ikkje kan møte, ta kontakt med skulen.    

 

SFO-plass 2022 - 2023

Det blir SFO - tilbod før og etter skuletid dersom det er min. 5 barn påmeldt.

Alle som ynskjer SFO-plass eller endring av plass må søke elektronisk.

Link til søknadsskjema  og informasjon om SFO tilbodet ligg her.

Søknadsfrist for SFO-plass: 1. april  2022

 

Kulturskule 2022 - 2023
Elevar som vil halde fram må re-registrere seg på noverande eller ev. nye tilbod. Nye elevar søker om plass. Link til søknadsskjema  og informasjon om kulturskulen ligg her.

Søknadsfrist i kulturskulen: 1. april 2022

 

Redusert foreldrebetaling

Husstandar med låg inntekt kan søke om redusert foreldrebetaling i kulturskule, barnehage og SFO. Informasjon om ordningane og søknadsskjema finn de her:

Barnehage

SFO

Kulturskule