Velkomen til Vestre Slidre kulturskule!
Susanne Engelmann
Vi har tilbod innan musikk, dans, teater, visuell kunst/sløyd og kreativ teknikk.
Kulturskulen holder til i Vestre Slidre kulturhus, vegg i vegg med barne- og ungdomsskulen.
Vi tilbyr undervisning til born, ungdom og vaksne, og tilrettelegg for elevar med særskilde behov.
Les meir om kvart tilbod her: "Tilbodet i kulturskulen".
Søknadsfrist for skuleåret 2023/2024 var 11. april 2023. Men, om vi har ledige plassar, tek vi inn elevar i løpet av skuleåret også.
Her kan du søke plass i kulturskulen!
Vestre Slidre kulturskule tilbyr fordypningsplassar til elevar som viser talent, innsats og interesse utanom det vanlege. Fordypningsplass blir tildelt i samarbeid med lærar og føresette.
Ta kontakt med rektor Gudbrand Heiene på 413 35 496 ved spørsmål.
Kulturskulen har også ei facebook-side , der vi legg ut informasjon om kvardagen vår.
Her kan du sjå nokre glimt av vår aktivitet dei siste åra:
"En sang om snø" med song- og ukulelegruppa 2022
Glimt frå "Haust-blues" 2021
"The Fury" på Halloween-framsyning oktober 2020
Intimkonsert i Olbergsalen desember 2020
Smakebiter fra Vestre Slidres bidrag til UKM Valdres 2020