Mønaskål/ kranselag ved Helsetunet 6.september

I samarbeid med entreprenøren, Sanne Hauglid AS, var alle som arbeider med det nye Helsetunet i Vestre Slidre, invitert til felles lunch på byggeplassen tirsdag 6. september. Dette for å markere at taket er ferdig, noko som tradisjonelt har blitt feira med mønaskål/kranselag. ‘Styrkedrikk’ var denne gongen bytta ut med rundstykker, kringle, kaffe og mineralvatn, som tilsynelatende fall i god smak. Ordføraren innleia med å takke for vel utført jobb så langt, der både framdrift og økonomi er under god kontroll. Kommunedirektøren fulgte opp med å skryte av samarbeidet med entrepenøren, der tonen er god og vilja til å finne løysingar er til stades. Kvar enkelt som arbeider med bygget fekk så kvar sitt gavekort frå kommunen, som dei kan bruke fritt i butikkar på Fagernes. Markeringa vart avslutta med ei runde rundt i bygget der leiinga i SH og VSK deltok. Konklusjonen er at dette ser veldig bra ut!