Oppnemning av nye medlem/varamedlem til råd for brukarmedverknad

Hausten 2023 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Det skal veljast nye styrer, råd og utval for valperioden 2023-2027. Alle kommunar og fylkeskommunar skal etter kommunelova § 5-12 opprette eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. I forskrift om medvirkningsordninger står det at kommunen kan opprette eit felles råd for eldre og personer med funksjonsnedsetting dersom det ut i frå lokale forhold er nødvendig. Vestre Slidre kommunestyre vedtok hausten 2019 å samorganisere eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Vestre Slidre kommune. Rådet for brukarmedverknad skal ha 7 medlemmar samt 2 varamedlemmer i nummerert rekkefølgje. Kommunestyret vel medlemmar til rådet.

Etter kommunelova § 5-12 har relevante interesseorganisasjonar rett til å fremme forslag om medlem til råda.

Før ein organisasjon foreslår ein kandidat, bør dei ha gjeve vedkomande informasjon om kva vervet som rådsmedlem vil innebere, og forsikre seg om at vedkomande er motivert for oppgåva. Organisasjonen bør grunngje sine forslag til kandidatar med t.d. kandidatens sine interessefelt og kompetanse.

Fleire av medlemmene i rådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år. Rådet bør vera breitt samansett, og bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn, og kvart kjønn skal vera representert med minst 40 %.

Meld inn kandidatar til rådet.

Namn, adresse og telefonnummer på aktuelle kandidatar og grunngjeving kan sendast til: post@vestre-slidre.kommune.no innan 1 oktober.