Spørsmål om kommunale avgifter? Her finn du svar på det folk lurer mest på - Vestre Slidre kommune

Spørsmål om kommunale avgifter? Her finn du svar på det folk lurer mest på

Vi får ofte spørsmål om faktura for kommunale avgifter.  Her har vi samla svar på dei mest vanlege spørsmåla - slik at du raskt og enkelt finn det du treng å vite.

Når får eg faktura?

Vestre Slidre kommune tilbyr fleksibel fakturering. Det vil si at du som innbyggjar kan velge mellom 2, 4 eller 12 terminer for å motta faktura på kommunale avgifter pr. år.
Les meir om dette her:
https://www.vestre-slidre.kommune.no/administrasjon/kontakt-oss/okonomi-og-skatt/

Redusert mva-sats for vatn og avløp

Endring i meirverdiavgift frå 1. juli 2025 gjer at kommunale avgifter må reknast med ulik mva-sats i same fakturaperiode. Fakturagrunnlaget for årsoppgjør vassmålar er difor delt opp i to linjer for å sikre korrekt utrekning av avgift og meirverdiavgift.
 

Kvifor aukar VA-gebyra for både fritidsbustader og private bustader?

  • Auka kostnader til drift og vedlikehald

Prisane på straum, kjemikaliar, reparasjonar og innkjøp av utstyr har gått kraftig opp. Dette gjer det dyrare å halde vass- og avløpsanlegga i drift for alle abonnentar – både for dei som bur fast og dei som har fritidsbustad.

 

  • Strengare krav i lover og forskrifter

Nye nasjonale krav innan reinsing av avløp og tryggleik i vassforsyninga krev oppgraderingar av anlegg og infrastruktur. Desse investeringane må finansierast gjennom gebyra.

 

  • Betydelig behov for investeringar i VA-anlegg

Mange røyrsystem, pumpestasjonar og reinseanlegg er gamle og må fornyast. Dette er kostnader som blir fordelte på alle abonnentar – inkludert eigarar av fritidsbustader.

 

  • Gebyra skal dekke faktiske kostnader (selvkost)

VA-tenester kan ikkje gå med overskot eller underskot. Når kostnadene aukar, må gebyra justerast, uavhengig av om bustaden er fast eller fritid.
 

Eg har fått tilsynsgebyr - privat avløp, kva er det?

Alle som har eit privat avløpsanlegg, vil bli fakturert eit årleg tilsynsgebyr. Tilsynet er ei lovpålagt oppgåve for alle kommunar i Norge. Les meir om dette her: https://www.vestre-slidre.kommune.no/tenester/tekniske-tenester/vatn-og-avlop/private-avlopsanlegg/informasjon-om-tilsynsgebyr-spredt-avlop/

Det har ikkje vore feiar hos meg, kvifor får eg likevel faktura for tilsyn- og feiegebyr?

Feietenesta blir gjennomført etter Forskrift om brannforebygging, kapittel 4. Piper skal feiast etter behov. Kommunen skal føre tilsyn og vurdere behovet for feiing i kvar einskild pipe. Det betyr at feiing ikkje blir utført kvart år. Kommunen har og ansvar for feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustader og støler.

Ved spørsmål om feiing eller klage på utført teneste, ta kontakt med Valdres Brann- og Redningstjeneste IKS. 

Les meir om dette her:  https://www.vestre-slidre.kommune.no/tenester/tekniske-tenester/brann-og-feiing/

Eg har ikkje eldstad, kvifor får eg feiegebyr?
Dersom du ikkje har eldstad, kan du søkje om fritak for tilsyn- og feiegebyr. Skjema finn du her: https://www.valdresbrannvesen.no/media/1224/skjema-fritak-for-feie-og-tilsynsgebyr-vbr-01.pdf

Har du fleire spørsmål om fritak frå feiing, ta kontakt med Valdres Brann- og Redningstjeneste IKS.

Eigedomsskatt

Frå 1.januar 2025 var det nytt takstgrunnlag for eigedomsskatt i heile Vestre Slidre kommune. Dette etter vedtak i kommunestyret 12.12.2024
Les meir om dette her:  https://www.vestre-slidre.kommune.no/tenester/plan-bygg-og-eigedom/eigedomsskatt-i-vestre-slidre/

Kvifor får eg faktura i Digital postkasse?

Det skjer da du sjølv har oppretta deg som brukar av ei slik digital plattform. Du kan reservere deg mot at brev frå det offentlege kjem i denne postkassa. Les meir om dette her: Få informasjon på papir | Norge.no

Det står feil adresse på meg - kor kan eg endre dette?

Send ein e-post til post@vestre-slidre.kommune.no med opplysningar om gards- og bruksnummer, samt den nye adressa di.

Om du ikkje finn svara du leiter etter her, er det berre å ta kontakt med oss:

post@vestre-slidre.kommune.no eller telefon 61 34 50 00.