På Noregs største leirskule er det hele tiden tankar om utvikling. Det siste året har leirskolelærerane utvikla et fantastisk opplegg om steinalder og dei store folkevandringane som var i Europa etter istida. Viste du at dei første som kom til landet vårt var svært mørke i huda og at dei hadde blåe augo?
Vestre Slidre kommune driver alle leirskule-aktivitetane på Brennabu og har investert i autentiske kopier av drakter, reiskap og våpen frå vår fjerne fortid. En samling vi tenker at også Slidre skule kan nytte i sin undervisning.
På Brennabu vart det og sett elev-rekord i 2018. Hele 4363 elever besøkte leirskolen i fjor! Det er ingen leirskule i heile Noreg som nokon gong har hatt fleire elevar. Den største veka hadde vi 168 elever, da måtte vi leige husrom på Vasetstølen. Elevane som budde der var veldig fornøgde.
Sist endra 08.05.2019 09.13